Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Transport gjennom cellemembranenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Transport gjennom cellemembranen

Cellene treng vatn, næring og oksygen. Samtidig må avfall, overflødig vatn og stoff som skal brukast andre stader, sendast ut. Hovudoppgåva til cellemembranen er å kontrollere denne transporten. Det går føre seg ein velorganisert, transport og cellemembranen sine eigenskapar er heilt avgjerande for dette.

Cellemembranen regulerer transporten av stoff

Dei kjemiske forholda på innsida og utsida av cellemembranen er svært forskjellige. Cellemembranen regulerer og kontrollerer transporten av dei ulike stoffa, slik at cellene fungerer best mogleg.

Cellemembranen har ulike transportmekanismar for dei ulike stoffa som skal transporterast inn og ut av ei celle. Nokre stoff passerer direkte gjennom, mens andre treng hjelp til å bli transportert. Vi skil mellom passiv og aktiv transport:

Passiv transport – utan bruk av energi

  • enkel diffusjon
  • fasilitert diffusjon
  • osmose

Aktiv transport – med bruk av energi

  • proteinpumper
  • ionepumper
  • kopla transportar
  • endo- og eksocytose

Læringsressursar

Transport gjennom cellemembranen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter