Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Cellebiologi

Celler er livets minste byggjestein og sjølve grunneininga i alle levande organismar. I eincella organismar fungerer ei celle aleine. I fleircella organismar kommuniserer og samarbeider cellene med kvarandre.

Celler – stor variasjon og mange likskapar

Celler varierer mykje i utsjånad og storleik. Til tross for dette har alle celler mange fellestrekk.

Du skal sjå nærmare på både likskapar og forskjellar i oppbygginga av ulike celletypar, og forklare kva for funksjon ulike delar har.

Bakteriar og virus er små organismar som har stor innverknad på livet til oss menneske, på godt og vondt. Det viktig å ha kunnskap om korleis bakteriar og virus formeirer seg, slik at vi kan beskytte oss mot dei som er skadelege, og ha nytte av dei som er nyttige.

I dette hovudområdet skal vi få innsyn i mange av dei fascinerande og livsviktige prosessane som går føre seg inne i cellene, samt oppbygging og formeiring til bakteriar og virus.

Emner

Cellebiologi

  • Celler og organellar

    Cellene blir delte inn i to hovudtypar etter den indre strukturen og organellane deira, nemleg prokaryote og eukaryote.

  • Transport gjennom cellemembranen

    Cellemembranen fører streng kontroll med kva som blir sloppe inn og ut av ei celle. Transporten over membranen kan vere både aktiv og passiv.

  • Prokaryote celler – bakteriar

    Prokaryote celler er dei første cellene som oppstod. Kva for prokaryote organismar har vi, og korleis er de bygde opp?

  • Virus

    Virus er ikkje bygd opp av celler, dei er partiklar som består av arvestoff pakka inn i ei proteinkappe. Dei blir ikkje rekna som levande organismar.