Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon innan og mellom populasjonarChevronRight
  5. Naturleg og kunstig seleksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Naturleg og kunstig seleksjon

Genetisk variasjon og konkurranse om avgrensa ressursar er begge føresetnadar for evolusjon. I tillegg må eigenskapar som påverkar individa si evne til overleving og formeiring, vere arvelege. Desse prinsippa gjeld anten det er naturen eller mennesket som selekterer, det vil seie avgjer kva individ som skal overleve.

Bjørkelurvemåler med kamuflasje sitter på trestamme. Foto
Det er ikkje lett å sjå bjørkelurvemålaren (Biston betularie)! Det finst to variantar av arten, ein lys og ein mørk. Den lyse har god kamfulasje når han sit på kvite bjørkestammar. Etter den industrielle revolusjonen blei mange av bjørkestammane dekte av sot, og dermed blei den kvite varianten lett å sjå for rovfugl. Den mørke bjørkelurvemålaren fekk ein fordel, og blei ganske raskt mykje vanlegare enn den kvite.

Naturleg seleksjon

Portrettbilde av Charles Darwin. Foto
Evolusjonsteorien til Charles Darwin er bygd på mekanismen han kalla naturleg seleksjon.

Charles Darwin forklarte evolusjon og opphavet til nye artar gjennom ein mekanisme han kalla naturleg seleksjon. Berre dei individa som er best tilpassa miljøet, overlever og kan føre eigenskapane sine vidare ("survival of the fittest"). Genetisk variasjon er derfor ein svært viktig del av mangfaldet òg med tanke på moglegheita artane har for å tilpasse seg framtidige miljøendringar.

Det er viktig å hugse på at tilpassingar og alltid vil gjelde eit bestemt miljø. Dersom miljøet blir endra, blir òg spelereglane endra. I eit nytt miljø kan det vere andre eigenskapar enn tidlegare som gir best resultat i form av overleving og mengd avkom.

Kunstig seleksjon

Mennesket har òg brukt kunnskapen om gen og arv for å foredle fram gunstige eigenskapar i korn, husdyr, frukt og grønsaker.

Vill kål. Foto
Vill kål er opphavet til fleire kålsortar (f.eks. blomkål, brokkoli og rosenkål) som er foredla fram ved kunstig seleksjon.

Ulike sortar med gode eigenskapar blir foredla fram via det vi kallar kunstig seleksjon, altså ved at ein berre tek vare på individ med dei "riktige" eigenskapane. Sortar med god smak, lengre haldbarheit og betre motstandsdyktigheit mot frost eller sjukdom er på denne måten avla fram.

Læringsressursar

Variasjon innan og mellom populasjonar