1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon innan og mellom populasjonarChevronRight
  5. Kva variasjon har å seie i populasjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva variasjon har å seie i populasjonar

Variasjon i populasjonar handlar ofte om genetisk variasjon sjølv om demografiske faktorar som alders- og kjønnsfordeling òg er viktige. Ein stor populasjon med mykje genetisk variasjon er best rusta til å tilpasse seg endringar i miljøet. For populasjonar som er spesialtilpassa eit stabilt miljø, kan derimot ny variasjon vere øydeleggjande.

Solsikkeåker. Foto

Innavl og innavlsdepresjon

Moskus. Foto
Moskusen på Dovrefjell har problem med innavl sidan populasjonen består av individ i nær slekt.

gir liten genetisk variasjon innanfor ein populasjon, men større genetisk variasjon mellom populasjonar.

Innavlsdepresjon skjer når avkom gjennom innavl får dei same recessive sjukdomsgena frå begge foreldra. Innavlsdepresjon kan vere midlertidig dersom dei skadelege recessive gena blir reinska bort ved at svekte individ døyr ut. Høg grad av innavl og liten genetisk variasjon reduserer evna populasjonen har til å tilpasse seg endringar i miljøet.

Innavl i den skandinaviske ulvebestanden

les meir
Nærbilde av ulv. Foto.
Den norske ulvebestanden er avhengig av nye gen for å sikre overleving på sikt.

Den skandinaviske ulvebestanden blei utrydda rundt 1970, og den vesle populasjonen vi har i dag, er grunnlagd på nokre få individ som vandra inn austfrå for nokre tiår sidan. Ulven er ein trua og svært omdiskutert art i Noreg. Interessekonfliktar pregar debattane omkring forvaltning. Ulven er, uansett om ein er for eller imot, eit godt eksempel på at innavl og redusert genetisk variasjon kan føre til misdanningar og redusert overlevingsevne. For å sikre overleving av ulvebestanden på sikt er det heilt nødvendig å få inn "nytt blod".

Utavl og utavlsdepresjon

To små laksefisker. Foto
Namsblanken er ein unik reliktlaks som blei stengd inne frå havet under siste istida. Populasjonen er tilpassa eit liv i rennande ferskvatn i øvre Namsen. Så lenge populasjonen er genetisk isolert, held han på spesialtilpassinga. Namsblanken er likevel sårbar for miljøendringar.

Stor grad av kryssingar mellom individ i fjern slekt gir større grad av genetisk variasjon i ein populasjon. Hyppig flytting av individ mellom populasjonar jamnar òg ut forskjellar mellom ulike populasjonar og gir større grad av genetisk variasjon innanfor populasjonen.

Det er ikkje alltid gunstig med stadig ny variasjon. Dersom ein populasjon er godt tilpassa eit spesielt miljø, kan det vere ei ulempe med ny genetisk variasjon fordi gunstige genkombinasjonar som er utvikla over tid, kan brytast opp. Tilpassinga til det spesielle miljøet kan på den måten øydeleggjast, og levedyktigheita til individa blir redusert.

Forvaltningsbiologi

Elgku med kalv.
Riktig forvaltning kan sikre ein berekraftig elgstamme.

Kunnskap om korleis den genetiske variasjonen er fordelt, er viktig for forvaltning, anten arten skal takast vare på eller haldast i sjakk. Ved forvaltning av vilt, som elg, er det òg viktig å ha kunnskap om alders- og kjønnssamansetnad for å kunne rekne ut jaktkvotar. Kor mange kalvar og kor mange vaksne hann- og hodyr kan skytast for å sikre ein berekraftig elgbestand på sikt?

Ved bevaring av ein art kan ein stå overfor valet med å ta vare på mange små eller få store populasjonar. Valet blir styrt av korleis den genetiske variasjonen er fordelt innanfor og mellom populasjonar. Dersom mesteparten av variasjonen ligg mellom populasjonar, er det viktigast å ta vare på mange populasjonar. Dersom variasjonen hovudsakleg finst innanfor ein populasjon, er det viktigast å ta vare på store populasjonar.

Læringsressursar

Variasjon innan og mellom populasjonar