Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon innan og mellom populasjonarChevronRight
  5. Økotypar – lokaltilpassa variantarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økotypar – lokaltilpassa variantar

Du har kanskje lagt merke til at ein planteart som veks både på fjellet og i låglandet, ser forskjellig ut? Fjellforma kan vere meir kortvaksen eller meir hårete. Har du tenkt på kva som gjer dette? I somme tilfelle er årsaka direkte miljøpåverknad, men ofte kan trekka ha utvikla seg som tilpassingar til vekstforholda på staden.

Furu som vokser på en topp. Foto
En furu som vokser i fjellet ser annerledes ut enn en furu som vokser i lavlandet.

Kva er ein økotype?

Ein økotype er ein genetisk variant av ein art som er tilpassa lokale miljøforhold. Økotypar får somme gonger namn under artsnivået (som underartar eller varietetar) fordi forskjellane oftast
er synlege. Ulike økotypar av ein art kan utveksle gen, men dersom genutveksling ikkje skjer, kan dei over tid utvikle seg til ulike artar.

Eksempel på økotypar

Fjellgullris som vokser i ei eng. Foto
Fjellgullris er ein variant av gullris som er mindre og veks høgare til fjells.

Furu er eit vidt utbreidd bartre på den nordlege halvkula. Vi har i dag to varietetar i Noreg: vanleg furu og lappfuru. Den første er vanleg i låglandet, og den andre finst i fjellstrøk. Dette er sannsynlegvis økotypar som er tilpassa ulike vekstvilkår. Ei rekkje andre plantar er òg kjende med ei fjellform og ei låglandsform. Eksempel er einer, soleihov, rogn, krekling, blåklokke, bjørk og følblom. Alle desse er mest sannsynleg økotypar.

Laks som svømmer. Foto
Villaksen har laksestammar som er lokaltilpassa til dei ulike elvane dei lever i

I ulike elvar blir det over tid utvikla laksestammar (populasjonar) som er spesialtilpassa miljøforholda i den elva dei lever i og kjem frå. Laksen kjem tilbake til same elva for å gyte. Ulike laksestammar er òg eksempel på økotypar.

I skogbruket blir omgrepet proveniens eller klimarase brukt for genetisk tilpassa variantar av for eksempel gran. Somme proveniensar er tilpassa veksestader på kysten, mens andre er tilpassa kort vekstsesong i nordlegare eller høgareliggjande strøk.

Læringsressursar

Variasjon innan og mellom populasjonar