Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon innan og mellom populasjonarChevronRight
  5. Variasjon innanfor og mellom populasjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Variasjon innanfor og mellom populasjonar

Ein populasjon er ei gruppe individ av same arten som oppheld seg innanfor eit avgrensa område. Den genetiske variasjonen innanfor og mellom populasjonar er ein viktig del av det biologiske mangfaldet. Populasjonar varierer òg i storleik og alders- og kjønnssamansetjing. Alle desse faktorane er viktige for framtidsutsiktene til populasjonen og arten.

Kart over vann med ulike ørretpopulasjoner. Illustrasjon
Ørret som lever åtskilde i ulike vatn, kan utgjere kvar sine ørretpopulasjonar. Populasjonane kan til dømes skilje seg frå kvarandre i kjønns- og alderssamansetjing, storleik og genetisk variasjon.

Definisjon og avgrensing

Ein populasjon er ei gruppe individ av same art som befinn seg innanfor eit avgrensa område. I verkelegheita er ikkje område helt avgrensa frå kvarandre. Mange artar kan flytte på seg, og storleiken på området avheng av kva art ein ser på, og i kva samanheng ein studerer populasjonen. Både elgpopulasjonen i Østerdalen og skjeggkreindivida der du bur er døme på populasjonar.

Bestand eller populasjon?

Bestand og populasjon betyr omtrent det same. Bestand blir gjerne brukt om artar det blir hausta av innanfor jakt og fiske, landbruk eller skogbruk.

Samspel innanfor og mellom populasjonar

To hjorter i kamp.
Storleik og styrke er avgjerande i hjortekampen om å få ført gena sine vidare.

Det finst mange former for samspel mellom individ av ein art. Graden av konkurranse og utveksling av gen er gjerne større innanfor ein populasjon enn mellom populasjonar.

Populasjonar varierer

Ingen populasjonar er heilt like. Individa varierer både innanfor og mellom populasjonar. Populasjonar kan ha ulik genetisk samansetning med mykje eller lite genetisk variasjon. Storleiken på populasjonar kan òg variere frå stad til stad. Somme populasjonar har overvekt av eldre individ, mens andre populasjonar har rik forynging, og enkelte populasjonar kan ha overvekt av det eine kjønnet.

Læringsressursar

Variasjon innan og mellom populasjonar