Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i økosystem, habitat og nisjarChevronRight
  5. Ein natur i endringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ein natur i endring

Det biologiske mangfaldet rundt oss er i stor grad eit resultat av organismane sine tilpassingar både til kvarandre og til miljøet. Evolusjon og økologi er derfor uløyseleg knytte saman. Miljøet endrar seg over tid, og organismane må òg stadig endre seg og tilpasse seg nye miljøforhold.

Brefront på isbre. Foto

Langsame og sykliske endringar

Brunbjørn som våkner etter vintersøvn. Foto
Brunbjørn som vaknar etter vintersøvn – ei tilpassing til sesongvariasjonar.

Dei fleste naturlege endringar i miljøet går sakte. Kontinent som driv frå kvarandre, og erosjon av landskap tek lang tid. Artane vil derfor som regel ha god tid til å tilpasse seg.

Mange endringar i naturen er sykliske. Årstider gir store endringar i miljøet som organismane må vere tilpassa. Ulike strategiar er utvikla for å handtere denne sesongvariasjonen. Om vinteren visnar plantar ned eller overlever som frø til neste år. Nokre dyr går i dvale. Mange fuglar kan overleve vinteren her heime, og dei som ikkje toler kulda, stikk sørover.

Raske naturlege endringar

Det er ein myte at det berre er mennesket som sørgjer for raske og dramatiske endringar i naturen. Det finst døme på raske naturlege endringar som har ført til masseutrydding av artar. Fem slike store masseutryddingar er kjende – alle lenge før mennesket dukka opp.

Tyrannosaurus rex utryddet av meteorittnedslag.
Tyrannosaurus rex utrydda av meteorittnedslag for omtrent 65 millionar år sidan.

Den eine av desse skjedde for rundt 65 millionar år sidan og er trudd å vere forårsaka av eit gigantisk meteorittnedslag. Denne katastrofale hendinga som mellom anna tok knekken på dinosaurane, førte med seg endringar som det var umogleg for dei og mange andre organismar å tilpasse seg på kort tid. Denne store endringa la likevel forholda til rette for evolusjon av ei rekkje andre artar, og dette blei den store sjansen for pattedyra.

Raske menneskeskapte endringar

Tømmer. Foto
Avskoging – menneskeskapte endringar som gjer at artar kan gå tapt.

Naturen har sjølv sørgt for miljøendringar som har ført til store artstap. Dette er likevel ikkje noko argument mot å uroe seg over det raske tapet av biologisk mangfald som vi opplever i dag, og som i stor grad er menneskeskapt. Sjølv om jorda og mangfaldet av artar tidlegare har greidd å byggje seg opp igjen etter slike masseutryddingar, er det ikkje sikkert det går like lett denne gongen. Vi står dessutan i fare for å miste mange artar som vi sjølve er avhengige av.

Læringsressursar

Variasjon i økosystem, habitat og nisjar