1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i økosystem, habitat og nisjarChevronRight
  5. Generalistar og spesialistarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Generalistar og spesialistar

Det er stor variasjon i kva krav artar har til miljøet. Somme artar finst i ei rekkje ulike miljø, mens andre har svært spesifikke krav. Vi snakkar om høvesvis generalistar og spesialistar. Dei aller fleste artar er ein mellomting mellom ein ekstrem generalist og ein ekstrem spesialist.

Rødrev spiser fugleunge. Foto

Generalistar kan bruke mange ulike ressursar

Geitrams. Foto.
Geitrams er ein generalist fordi han finst i fleire ulike miljø.

Somme artar trivst bra under mange vilkår og kan bruke mange ulike ressursar. Desse artane er ikkje så nøye på det. Dei finst i ei rekkje forskjellige habitat og har vide økologiske nisjar. Slike artar kallar vi generalistar. Dei er gjerne vidt utbreidde, vanlege artar. Ein generalist er ikkje så sårbar for endringar i miljøet sidan han kan klare seg under ulike miljøforhold.

Geitrams er ein generalist. Han veks i ur så vel som i vegkantar og på hogst- og brannflater, og er vanleg over heile landet. Han kan òg vekse nokså høgt: over 1500 moh. Når det gjeld dyr, er det ofte dietten som er avgjerande. Ein generalist har typisk ein variert diett. Raudreven er ein generalist. Han et både insekt og mindre pattedyr, i tillegg til daude dyr og til og med bær og avfall.

Spesialistar har strenge krav til miljøet

Koalabjørn klatrer i tre. Foto
Koalaen er ein spesialist som hovudsakleg lever av eukalyptusblad. Øydelegging av eukalyptusskogane aust i Australia truar derfor koalaen

Andre artar har svært bestemte krav til miljøet og blir dermed meir avgrensa i utbreiinga si. Slike artar kallar vi spesialistar, og dei har smale økologiske nisjar. Spesialistar er særleg sårbare for endringar i miljøet, men dei er samtidig svært konkurransedyktige i det miljøet dei er tilpassa.

Dyr som berre et éin type mat, er spesialistar. Plantar som berre veks på kalkhaldig jord, eller som berre kan pollinerast av eitt bestemt insekt, er døme på spesialistar. Møkkmosar og lemenmosar er òg spesialistar; dei har spesialisert seg på å leve på avføring frå ulike planteetarar (ofte elg) og dyrekadaver (ofte lemen).

Læringsressursar

Variasjon i økosystem, habitat og nisjar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter