Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i økosystem, habitat og nisjarChevronRight
  5. Konkurranse og nisjefordelingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konkurranse og nisjefordeling

Det er avgrensa mengder ressursar i naturen. Det er derfor konkurranse om både vatn, lys og næring. Det kan òg vere konkurranse om plass eller partnar. Konkurranse kan skje både innanfor ein art og mellom artar, og dette blir kalla høvesvis intra- og interspesifikk konkurranse.

Tiur og røy på spillplass. Foto

Intraspesifikk konkurranse – same art konkurrerer

To hjort stanger mot hverandre. Foto
To hannhjortar i kamp om ressursar.

Konkurranse mellom individ av same arten kan vere om både plass og næring. Denne konkurransen er viktig for naturleg seleksjon. Den genetiske variasjonen i ein populasjon gir individa litt ulike eigenskapar som påverkar evna deira til å overleve og reprodusere. Dei som er best tilpassa, har størst sjanse for overleving og formeiring.

Dyr konkurrerer òg om partnarar. Det kan føre til evolusjon av karaktertrekk med mål om å gjere inntrykk på ein partnar. Dette kallar vi seksuell seleksjon. Kjende eksempel er dei flotte og fargerike fjøra hos påfugl og dei store gevira hos enkelte hjortedyr.

Interspesifikk konkurranse – ulike artar konkurrerer

Kolibri som drikker nektar. Foto
Ulike kolibriartar kan leve i same området ved at dei drikk nektar frå ulike blomar.

Interspesifikk konkurranse skjer når ulike artar i same området utnyttar dei same ressursane. Dersom ingen av artane "jenkar seg", vil ei slik nisjeoverlapping kunne føre til at den eine arten utkonkurrerer den andre. Dette kallar vi Gauses konkurranseprinsipp.

Eit anna mogleg utfall er at dei to konkurrerande artane kan fordele ressursane på ein slik måte at dei kan leve saman. Det har vist seg at ei slik nisjeoverlapping kan sørgje for at artane over tid utviklar seg i litt forskjellig retning, slik at dei kan utnytte litt ulike delar av nisjen som i utgangspunktet var felles.

Fundamental og realisert nisje – konkurranse påverkar nisja

Ein konkurransesituasjon som beskrive i førre avsnittet kan altså føre til at artane berre kan utnytte ein del av dei moglege ressursane. Vi skil derfor mellom fundamental og realisert nisje.



Den fundamentale nisjen er den nisjen arten kan utnytte dersom han får vere heilt i fred og slepp å konkurrere med andre om næring, lys og andre nødvendige ressursar. Den realiserte nisjen er den delen av den fundamentale nisjen som arten endar opp med å utnytte når han må konkurrere med andre artar om dei same ressursane. Den realiserte nisjen er alltid smalare enn den fundamentale nisjen.

les meir

Det er stor variasjon på nebba både innanfor og mellom dei ulike finkeartane på Galapagos. Nebbstorleik og -fasong betyr noko for kva slags mat finkane får tak i, og nebba til dei ulike artane er tilpassa ulike typar føde. Det har òg vist seg at nebba til nokre artar er forskjellige avhengig av om dei lever saman eller ikkje. I dei områda der finkane lever kvar for seg, kan både nebblengd og nisje i stor grad overlappe (dei kan utnytte mesteparten av den fundamentale nisjen), mens dei utviklar seg i forskjellig retning når dei lever saman, for å unngå å tråkke for mykje i matfatet til den andre (den realiserte nisjen blir ein del mindre enn den fundamentale nisjen). Dette kallar vi karakterforskyving ("character displacement").

Ulike nebbfasongar på finkar
Darwins finkar – ulike nebbfasongar ut frå tilgjengelege ressursar.

Læringsressursar

Variasjon i økosystem, habitat og nisjar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter