Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i økosystem, habitat og nisjarChevronRight
  5. Habitat og nisjeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Habitat og nisje

Ulike artar har ulike krav til veksestad eller leveområde, og dei utnyttar ressursane i miljøet på ein bestemt måte. Omgrepa habitat og nisje heng nært saman, men betyr ikkje det same. Habitatet fortel kvar arten lever, mens nisjen beskriv korleis arten lever.

Habitat er ein art sin veksestad eller leveområde

Eit er det same som veksestaden eller leveområdet til ein art. Storleiken og avgrensinga av habitatet avheng av kva organisme vi snakkar om. Eit habitat kan vere ein granskog, ei næringsfattig myr, eller det kan vere høgfjellet. Eit habitat kan òg vere eit svært lite område som avføring frå ein planteetar eller ei gammal frukt, som er habitat for høvesvis møkkmosar og muggsopp.

Nisje er korleis ein art lever og brukar ressursar

Fleire artar kan leve på same staden, men dei kan utnytte ressursane der på forskjellige vis. Korleis ein art lever og brukar ressursar, kallar vi til arten. Ein nisje er summen av dei miljøforholda ein art treng for å kunne overleve og formeire seg.

Livsyklus for amfibier. Illustrasjon
Habitatet og nisjen til ein art kan endre seg gjennom livsløpet. Eit rumpetroll og ein vaksen frosk lever ulike stader og utnyttar dermed òg ulike ressursar.

Eit habitat kan vi samanlikne med "adressa" til arten, mens nisjen kan sjåast på som "jobben" til arten.

Læringsressursar

Variasjon i økosystem, habitat og nisjar