1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i biologisk mangfaldChevronRight
  5. Oppgåver om variasjon i biomangfaldChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om variasjon i biomangfald

I desse oppgåvene skal du vurdere forhold som påverkar biomangfaldet. Oppgåvene eignar seg godt til drøfting og refleksjon i grupper.

Skogbunn. Foto
Skogsbotn
  1. Hogstfelt med geitrams. Foto
    Hogstfelt med nokre gamle tre og mykje geitrams.
    På kva måte kan det vere gunstig for biomangfaldet om gamle tre eller vindfall får vere igjen på ei hogstflate?

  2. Omgrepa artsrikdom og artsmangfald høyrest veldig like ut. Betyr dei det same? Kan du forklare kva forskjellen eventuelt er?

  3. Det er kjent at små øyar som ligg langt frå fastlandet, har lågare biomangfald enn større øyar som ligg nær fastlandet. På kva måte kan dette overførast til kva habitatøydelegging og habitatfragmentering har å seie for biologisk mangfald?

  4. Nedgangen i biomangfald frå ekvator mot polane er eit velkjent mønster i økologien (slike gradvise overgangar blir kalla ein gradient). Dette gjeld summen av alle artar. Kjenner du til nokre artsgrupper som viser eit anna mønster?

  5. Kjenner du til nokre særleg artsrike naturtypar i nærleiken av der du bur? Kva trur du er årsaken(e) til den høge artsrikdommen i desse habitata?

  6. Kva område har størst artsrikdom: ein tropisk regnskog eller ein arktisk tundra? Kvifor er det slik, trur du?

  7. Kvifor er det ingen globale hotspots i polområda?

  8. Under ser du bilete av to landskap med ulik karakter. Kvar trur du det er størst biologisk mangfald, og kvifor er det slik?
    Tjern i bjørkeskog til venstre og vidde til høyre. Foto
    To landskap med ulik karakter (ved Røros).
  9. Under ser du bilete av to typar skog, regnskog og granskog. Kvar trur du det er flest insektartar? Grunngi svaret ditt.
    To typer skog. Foto
    Regnskog og granskog.

Læringsressursar

Variasjon i biologisk mangfald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter