Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i biologisk mangfaldChevronRight
  5. Korleis forklare mønster i biomangfald?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis forklare mønster i biomangfald?

Nedgangen i biomangfald frå ekvator mot polane og med auka høgd over havet kan forklarast med ein kombinasjon av fleire faktorar. Kva den enkelte faktoren har å seie, kan variere med tid og stad, og dei kan òg forklare variasjon i biomangfald på regional og lokal skala.

Fjellblomst ved isbre. Foto

Tid og areal

Evolusjon av biomangfald tek tid og er derfor størst i gamle og stabile økosystem som vi finn mange av i tropiske område. Område som var nedisa under siste istida, har derimot hatt lite tid både til å utvikle nye artar og til å ta imot innvandring av artar etter kvart som isen trekte seg tilbake.

Eit større areal har ofte eit større mangfald fordi det har større variasjon i habitat og plass til fleire individ, noko som reduserer sjansen for at artar døyr ut. Nedgangen i biomangfald mot polane kan derfor delvis vere fordi det totale arealet går ned, men dette er ikkje heile forklaringa.

Energi og produktivitet

Kart over havets overflatetemperatur. Illustrasjon
Solinnstråling varierer med breiddegrad. Dette biletet viser temperaturen på havoverflata som blir påverka av sollyset.

Abiotiske faktorar som temperatur, solinnstråling og nedbør varierer òg med breiddegrad. Desse faktorane ser ut til å vere ei god forklaring på den globale variasjonen i biomangfald.

Nedgang i produktivitet mot polane heng saman med faktorane som er nemnde over, og globalt ser biomangfaldet ut til å auke med aukande produktivitet. Lokalt kan derimot høg produktivitet gi redusert biomangfald fordi eit fåtal konkurransesterke artar kan ta heilt over. Ved låg produktivitet er det som regel få artar som er i stand til å utnytte ressursane.

Habitat og nisjar

Elefanter ved Kilimanjaro. Foto
Elefantar ved Kilimanjaro. Biomangfaldet blir redusert med aukande høgd over havet.

Variasjon i og er viktig for det biologiske mangfaldet og heng nært saman med punkta som er nemnde over. Mot polane og med aukande høgd over havet er det generelt ein nedgang i talet på habitat og nisjar. Dette gir rom for færre artar.

Samanlikning av eit granplantefelt og ein naturleg blandingsskog

I ein monokultur blir det i hovudsak dyrka berre éin art. Førekomsten av andre artar, spesielt ugras og skadedyr, blir halden borte for å auke avkastninga på det som blir dyrka. Eksempel på monokulturar er eit granplantefelt eller ein rugåker. Biomangfaldet i ein monokultur er lågt.

I eit granplantefelt står trea tett for god plassutnytting. Det vil dermed komme lite lys ned til bakken, og undervegetasjonen blir dårlegare utvikla. Den låge variasjonen i habitat og nisjar gjer at det vil vere færre artar som er tilpassa miljøforholda her. I ein naturleg blandingsskog er det fleire treslag og tre av ulik høgd og alder. Denne variasjonen i både fysiske og biologiske forhold gir rom for høgare artsrikdom fordi fleire artar med ulike miljøkrav vil finne eigna habitat og nisjar her.

Samspel mellom artar

Døme på former for samspel mellom artar som kan påverke biomangfaldet i eit økosystem fordi dei er viktige drivkrefter i evolusjon er:

Forstyrring

Skogbrann. Foto
Skogbrann er ei forstyrring som medfører påfølgjande suksesjon

Skogbrann, trevelt og overfløyming er døme på forstyrringar som kan påverke biomangfaldet ved å føre til død, endringar i ressurstilgang eller fysiske endringar i leveområdet. Område kan foreløpig opnast for andre artar som er betre tilpassa enn dei som var der frå før, og føre til .

Kraftige og/eller hyppige forstyrringar reduserer ofte biomangfaldet. Meteornedslaget som visstnok utraderte dinosaurane, forårsaka ein massiv nedgang i mangfaldet på jorda. Mangel på forstyrringar kan derimot føre til at eit økosystem blir fylt av få veldig godt tilpassa artar. Passe mykje forstyrring ser ut til å gi høgast mangfald.

Læringsressursar

Variasjon i biologisk mangfald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter