Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i biologisk mangfaldChevronRight
  5. Lokale mønster i biomangfaldChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lokale mønster i biomangfald

Artsrikdom kan variere mykje mellom ulike økosystem og habitat. Ei næringsfattig myr har lågt tal på artar samanlikna med ei næringsrik myr. Ein tørr furuskog inneheld færre artar enn ein tropisk regnskog. Det biologiske mangfaldet kan variere nokså mykje over svært korte avstandar.

Myrlandskap. Foto

Gradvise og brå endringar i biologisk mangfald

Elever gjør undersøkelser i fjellet. Foto
På rabbar i fjellet er det gjerne gradvise endringar i fukt og næringstilgang.

Endringar i det biologiske mangfaldet heng saman med endringar i miljøfaktorar. Biomangfaldet varierer ofte gradvis, fordi miljøfaktorane som påverkar det òg varierer gradvis. Døme på slike miljøgradientar kan vere fukt, næring og saltinnhald.

Andre gonger kan vi sjå brå overgangar med store ulikskapar i biomangfald innanfor eit lite område. Det er på grunn av store forskjellar i miljøfaktorar. Berggrunnen kan variere på denne måten.

Plantefelt med gran og furu. Foto
Eit granplantefelt: ei brå menneskeskapt endring i biomangfald.

Når ein beveger seg over berggrunn som er samansett av ulike felt, vil ein kunne sjå brå overgangar i artsutvalet. Flekkar med eit høgt innhald av tungmetall viser ein brå nedgang i biomangfald, mens kalkrike flekkar kan vise ein brå auke i biomangfald i forhold til omgivnadane med annan berggrunn.

Mangfald innanfor og mellom habitat

Nokre habitat er generelt artsrike, mens andre er meir artsfattige. Dette er bestemt av lokale miljøforhold knytte til berggrunn, vasstilgang, solinnstråling og liknande.

Eit større område kan innehalde mange ulike habitat eller vere einsarta. Eit område med einsarta skog har færre artar i sum enn eit variert område med skog av ulik utforming, myrer, bergskrentar og så vidare.

Læringsressursar

Variasjon i biologisk mangfald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter