1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i biologisk mangfaldChevronRight
  5. Globale og regionale mønster i biomangfaldetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Globale og regionale mønster i biomangfaldet

Det biologiske mangfaldet er ikkje jamt fordelt utover kloden. Nokre område har meir biologisk mangfald enn andre. Nokre av desse har òg mange endemiske artar, det vil seie artar som ikkje finst andre stader. Slike område kallar vi globale «hotspots», og desse er spesielt verdifulle.

Kolibri drikker nektar fra blomst. Foto

Breiddegradsvariasjon – fleire artar nære ekvator

Dei mest artsrike områda på jorda er i tropane, og generelt blir det færre artar jo lenger frå ekvator ein kjem. Dei fleste hotspotta er i tropiske område, men det finst òg nokre i tempererte strøk. Det er ingen hotspots i polare område.

Høgde- og djupnevariasjon – færre artar høgt og djupt

Fjelllandskap med snø. Foto
Artsmangfaldet er lågare i fjellet enn i låglandet.

Det er òg nedgang i biomangfaldet dess høgare over havet vi kjem.

I havet ser det ut til at biomangfaldet går ned dess djupare det blir, men størst mangfald finn vi ofte ved mellomdjupner.

Isolasjon gjev lågere mangfald

Det er kjent at biomangfaldet er mindre på små øyar langt ute i havet enn på større øyar nært land. Mangfaldet går ned med aukande isolasjon og nedgang i areal. Geologiske barrierar som store fjellkjeder kan bidra til isolasjon på same måte.

Læringsressursar

Variasjon i biologisk mangfald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter