1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Variasjon i biologisk mangfaldChevronRight
  5. Det biologiske mangfaldet variererChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Det biologiske mangfaldet varierer

Biologisk mangfald (biomangfald) er variasjon i livsformer på jorda og er summen av mangfaldet på økosystem-, arts- og gennivå. Alle dei tre nivåa er viktige, og dei påverkar kvarandre gjensidig.

Det biologiske mangfaldet er ujamt fordelt

Det biologiske mangfaldet er ikkje jamt fordelt utover kloden. Nokre område har meir mangfald enn andre. Det finst nokre overordna globale mønster i fordelinga av biologisk mangfald, men det er òg store regionale og lokale forskjellar. En kombinasjon av mange ulike faktorar kan forklare det geografiske mønsteret.

Satelittbilde av jordkloden.
Satellittbilete som viser fordelinga av vegetasjon på land og planteplankton i havet. Fargane representerer klorofylltettleik. Havet: frå raud (høgast tettleik) til blå og rosa/fiolett (lågast tettleik). Land: Mørk grøn (høgast tettleik) – gul (lågast tettleik).

Det biologiske mangfaldet er eit resultat av evolusjon

Dagens biologiske mangfald er eit resultat av evolusjon over lang tid. Genetisk variasjon har i samspel med konkurranse om avgrensa ressursar danna grunnlaget for evolusjon av eit mangfald av ulike livsformer tilpassa ulike og .

Omgrepa biomangfald/biologisk mangfald og biodiversitet/biologisk diversitet tyder det same og blir brukte om kvarandre.

Læringsressursar

Variasjon i biologisk mangfald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter