Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. SystematikkChevronRight
  5. Eubakteriar og arkarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eubakteriar og arkar

Domena eubakteriar og arkar består av organismar som manglar membranar rundt celleorganellen, det vil seie prokaryote organismar.

Grønne, runde bakterier. Foto
Halofile bakteriar likar seg i vatn med ekstremt høg saltkonsentrasjon.

Prokaryotane manglar membranar

Prokaryotane er karakteriserte ved at dei manglar membranavgrensa organelar, som kjerne, mitokondriar og kloroplast. Prokaryotane omfattar domena

  • eubakteriar
  • arkar

Prokaryotane i dei to domena er like forskjellige frå kvarandre som dei er forskjellige frå eukaryotane. Alle formene for metabolisme finst hos dei to domena, både heterotrofe, autotrofe og kjemotrofe. I tillegg formeirer prokaryotane seg vanlegvis ukjønna ved deling.

Eubakteriar – "ekte" bakteriar

E-colibakterier. Foto.
E. coli bakterier tilhøyrer riket eubakterier. Det finst store mengder E. coli i tarmkanalen vår, og der er dei nødvendige. Utanfor tarmkanalen kan E. coli forårsake alvorleg sjukdom.

Eubakteriane er mikroskopiske, prokaryote organismar og blir ofte kalla dei "ekte" bakteriane.

  • fanst på jorda allereie for 3,5 milliardar år sidan
  • kan leve enkeltvis, som par eller i koloniar
  • mange bevegar seg ved hjelp av flagell
  • finst i all verdas habitat, også inni og på menneske
  • mange forårsakar sjukdom, andre er livsnødvendige
  • viktige i ulike kommersielle prosessar, som i næringsmiddelteknologi og bioteknologi
  • gjer viktig jobb i naturen ved å gjere næringsstoff tilgjengelege etter nedbryting

Arkar – urbakteriar i ekstreme forhold

Svart røyk fosser ut fra havbunnen. Foto
"Svarte skorsteinar" på havbotnen er ekstreme habitat for nokon formar for arkar.

Arkebakteriar er også mikroskopiske eincella prokaryote organismar.

  • mikroskopiske eincella prokaryote organismar
  • svært like eubakteriane når vi ser på dei i mikroskop, men både genetisk og biokjemisk er dei forskjellige frå eubakteriane
  • finst hovudsakleg der kor andre organismar ikke klarer å leve (til dømes i vatn med svært høgt saltinnhald og i varme kjelder)
  • er oftast kjemotrofe
  • nokre arkar omset hydrogengass og karbondioksid til metan (metanogene arkar). På denne måten er dei uavhengige av solinnstråling og livet på jordoverflata.

Læringsressursar

Systematikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter