Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. SystematikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Historia til systematikken

Mennesket har alltid hatt eit behov for å klassifisere verda rundt seg. Mennesket ønskjer å putte ting i boksar for å halde styr på omgivnadene. Dei første biologiske klassifikasjonssystema som oppstod var veldig enkle, men etter kvart blei stadig fleire karakterar nytta til klassifisering i systematikken.

Vitenskapsmann fra 1500-tallet jobber i sitt verksted. Illustrasjon
Conrad Gesner var ein viktig bidragsytar i systematikken. Han var tidleg ute med å dele plantane inn i ulike slekter. Her er han i verkstaden sin i Zurich i Sveits cirka 1560.

Enkle og kunstige klassifikasjonssystem

Behovet for å forstå og systematisere livet rundt oss har alltid vore viktig. I tidlegare tider blei det skilt mellom til dømes snille dyr og farlege dyr, og giftige og ikkje-giftige plantar. Dette var kunstige klassifiseringar som ikkje sa noko om slektskap, men som grupperte organismar som hadde ein eller nokre få karakterar felles.

I slike kunstige system får ein ikkje noko meir ut av ei gruppe enn det som er lagt inn. Til dømes kunne ein ikkje vite noko meir om ein plante i gruppa ”giftig” enn at han var giftig. Dette er likevel ei form for klassifisering, sjølv om føremålet var noko anna den gongen enn det er i dag.

Læringsressursar

Systematikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter