Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. SystematikkChevronRight
  5. Kva er ein art?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er ein art?

Arten blir rekna som den grunnleggjande eininga i systematikken, men det finst mange ulike definisjonar på kva ein art er.

Samling med biller. Foto
Er det mogleg å sjå kor mange ulike billeartar det er i denne samlinga, eller må vi bruke andre metodar når vi skal finne talet på artar?

Arten – den grunnleggjande eininga

Arten er den grunnleggjande eininga i systematikk og klassifikasjon. Sjølve ordet art kjem frå latin og betyr ”å sjå på”. Carl von Linné (1707–1778), som blir rekna som systematikkens far, såg på arten som noko uforanderleg og skapt av Gud (eit typologisk artsomgrep). Dette synet blei etter kvart utfordra ikkje minst med bakgrunn i Charles Darwin (1809–1882) og boka hans On the origin of species (Om artenes opprinnelse) (1859). Darwin meinte at alle artar har utvikla seg frå ein felles forfar.

Å definere omgrepet art

Dei fleste har ei intuitiv meining om kva ein art er. Det har likevel vist seg å vere svært vanskeleg å definere omgrepet art på ein einsarta måte som alle kan vere samde om. Det finst i dag fleire titals artsomgrep, og alle har ein eller annan veikskap ved seg. Somme fungerer bra for enkelte organismegrupper, men ikkje for andre, og somme er lette å bruke i praksis, mens andre er meir teoretiske. Kva artsomgrep ein bruker, vil derfor styrast både av kva organismegruppe og fagfelt ein jobbar med. Nokre av dei mest kjende og brukte artsomgrepa er:

  • Det morfologiske artsomgrepet
    • ein art er noko uforanderleg
    • individ av same art liknar på kvarandre etter utsjånaden ()
  • En stor og en liten hund av ulik rase står ved siden av hverandre. Foto
    To individ av same art kan sjå svært ulike ut.

    Dette artsomgrepet har inga teoretisk forankring, men i praksis er det ofte morfologi som blir brukt til å avgrense artar. Det er likevel ikkje sagt noko om kor stor variasjon ein skal tillate innanfor ein art. I tillegg skaper dette artsomgrepet, sett på spissen, problem for artar som endrar seg morfologisk i løpet av livet (t.d. rumpetroll – frosk).

  • Det biologiske artsomgrepet
    • ein art er ei samling individ som kan krysse seg med kvarandre og gi fertilt (fruktbart) avkom
    Muldyr på beite. Foto
    Muldyr er ein hybrid mellom esel og hest. Muldyra er ikkje forplantnings-dyktige og blir ikkje definerte som ein eigen art.

    Veikskapen med denne definisjonen er at han ikkje tek omsyn til artar som formeirar seg ukjønna (celledeling, knoppskyting, jomfrufødsel etc.), i tillegg til at han berre fungerer på individ i reproduktiv alder. Sjølv om dette artsomgrepet er svært viktig innanfor studiar av artsdanning, testar ein sjeldan ut om individ kan produsere fertilt avkom i praktisk artsbestemming.

  • Det evolusjonære artsbegrepet
    • ein art blir definert som ei linje (ein serie avkom som går tilbake til eit felles opphav) som utviklar seg atskilt frå andre slike linjer.
    Dette artsomgrepet gir likevel ingen kriterium for korleis slike evolusjonære artar skal avgrensast i praksis. Ulike artsomgrep som er karakteriserte som "" kan sjåast på som ei vidareføring av det evolusjonære artsomgrepet der ulike kriterium (t.d. ) blir gitte for korleis artar skal avgrensast i praksis. Desse artsomgrepa er gjerne nært kopla til slektskapsanalysar (fylogenetiske analysar) baserte på DNA- eller morfologikarakterar.
  • Det økologiske artsbegrepet
    • ein art er ei gruppe individ som okkuperer ein bestemt økologisk nisje
    • felles økologi med påfølgjande likt seleksjonspress held medlemmane av kvar art saman.

  • Teoretisk er dette eit interessant artsomgrep, men i praksis er ikkje dette eit enkelt artsomgrep å bruke.

Samanlikning av artsomgrep

Det er viktig å hugse på at det er forskjell på korleis ein kjenner igjen artar, og korleis omgrepet art blir definert. Samanlikning av somme av desse artsomgrepa blir derfor litt som å samanlikne eple og pærer. Det morfologiske artsomgrepet seier i grunnen berre at ein art er eit sett individ som liknar kvarandre, og ikkje noko meir. Morfologi blir ofte brukt (som reiskap) for å kjenne igjen ein art uavhengig av artsomgrep.

Læringsressursar

Systematikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter