1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. SystematikkChevronRight
  5. Oversikt over organismegrupperChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oversikt over organismegrupper

Her finn du ei oversikt over biologisk mangfald der de største gruppene av organismar er beskrivne. Døma som blir gitt, kan vere alt frå artar til rekkjer, avhengig av kor kjent den aktuelle gruppa er.

Kollasj med ulike typer organismer. Illustrasjon

Organismegrupper

Formelle grupper finner ein igjen i moderne klassifikasjonssystem, og dei fleste høyrer til eit bestemt nivå (til dømes rekkje eller klasse).

Uformelle grupper fanst i tidlegare klassifikasjonssystem, og nokre av namna er framleis i bruk fordi dei utgjer praktiske einingar.

Kvart rike sin fargekode

Fargekodar i tabellen skil dei ulike gruppene frå kvarandre. Det må understrekast at det er gjort mange val og kompromiss i denne oversikta. Andre kjelder kan derfor gjerne avvike noko frå dette. Systematikk og klassifisering er, som all anna vitskap, kjenneteikna ved å vere i stadig endring på grunn av at ein får ny kunnskap.

RikeFargekode
dyreriket blå
soppriket brun
planteriket grøn
protistriket grå
eubakteriar lilla
arkebakteriar lyseblå

Tabellene er vedlagt i pdf-format.

Filer

Organismegruppene i kolonnen "Grupper" er oftast, men ikkje alltid, formelle. Domenet Eukarya (dei eukaryote organismane) er fordelte på dyreriket, soppriket, planteriket og det gamle, oppløyste protistriket (der mange grupper no har usikker plassering). Prokaryote organismar finn vi i domene eubakteriar og arkebakteriar.

Læringsressursar

Systematikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter