Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. SystematikkChevronRight
  5. Nomenklatur – reglar for namnsetjingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nomenklatur – reglar for namnsetjing

Det er viktig å kunne kommunisere om biologisk informasjon på tvers av landegrenser. For å unngå mistydingar er det nødvendig at alle artar og organismegrupper har unike namn. Alle artar og organismegrupper får derfor vitskapelege, godkjende namn som følgjer internasjonale reglar for namnsetjing.

Papegøye sitter på gren. Illustrasjon
Papegøyearten conquered lorikeet har det vitskapeleget namnet [i]Vini vidivici[/i]. Det er eit ordspel på Julius Cæsars frase «veni, vidi, vici» som betyr «eg kom, eg såg, eg sigra». Papegøyearten levde isolert på nokre øyer før menneske "kom, såg og sigra". Papegøyearten blei utrydda.

Vitskapelege namn på tvers av landegrensene

Forsking går føre seg i alle delar av verda og på alle språka i verda. For at ein skal kunne kommunisere om biologisk informasjon, er det viktig at det eksisterer ei universell forståing for kva for artar eller andre organismegrupper det blir snakka om. Nomenklatur er læra om det å gi vitskapelege namn til artane. Det eksisterer ei rekkje reglar som må følgjast ved namnsetjing av organismar for at dei skal bli gyldige, og desse standardane er gitte av International Code of Botanical Nomenclature og International Code of Zoological Nomenclature.

Binær nomenklatur – todelt navn

Det vitskaplege språket som oftast blir nytta til å setje namn på artar, er latin (men nokre gonger gresk òg). Årsaka til det er at latin blir rekna som eit daudt språk som derfor ikkje er i endring. Artane får namn etter det som blir kalla binær nomenklatur. Dette inneber at dei får eit slektsnamn og eit artsnamn (artsepitet), altså eit toledda namn (binært), som saman er unikt for ein gitt art. Slektsnamnet blir skrive med stor forbokstav, medan artsnamnet blir skrive med små bokstavar. I tillegg skal det vitskaplege namnet skrivast i kursiv.

Nomenklatur vist med to artar innanfor same slekta:

Corvus corone (slekt + art) kråke
Corvus corax (slekt + art) ramn

Kollasj med kråke og ravn. Foto
Ut frå dei vitskapelege namna til kråke [i]Corvus corone[/i] og ravn [i]Corvus corax[/i] ser vi at det er to artar frå same slekt.

Autornamnet følgjer etter det vitskapelege namnet til arten, men det blir som oftast nytta i spesiallitteratur, som i florabøker. Autornamnet er namnet på den personen (forfattaren) som først sette namn på arten, og autornamnet blir gjerne forkorta (Parus major L. – der L står for Carl von Linné).

Det var Linné som starta med dette einskaplege og logiske systemet for namnsetjing av organismar. Før Linné var artane namngitte på så mange ulike måtar og språk at det var bortimot umogleg å kommunisere på tvers av landegrenser. I tillegg til dei vitskapelege namna blir det jobba med å lage godkjende norske namn på norske artar. Sidan 2009 har Artsdatabanken (artsnamnebasen) vore den offisielle forvaltaren av tilrådde norske navn.

Namnet beskriv organismen

Lilla blomst i grønt gress. Foto
Raudknapp (Knautia arvensis) har fått nemnet sitt etter den tyske botanikaren dr. Knaut samt arvensis som betyr "noko som høyrer åkeren eller dyrka mark til".

Artane sine vitskapelege namn har som oftast ei meining, sjølv om nokre er vilkårleg laga. Namnet til arten kan vere gitt av arten sin veksestad eller utsjånad, eller det kan vere oppkalla etter personar som har hatt betyding for arten, eller oppdagaren.

Eit døme er blomsten linnea. Det vitskapelege namnet til denne blomsten er Linnaéa boreális, og det kjem av at dette var ein blome som Carl von Linné var særs begeistra for, og at det er ein plante som veks i nordlege område.

Bilde av planten Linnaea borealis
Linnaéa boreális
  • Linnaéa – oppkalla etter Carl von Linné
  • boreális – nordlig

Læringsressursar

Systematikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter