Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. SystematikkChevronRight
  5. Systematikk gir oversikt over mangfaldetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Systematikk gir oversikt over mangfaldet

Med systematikk får vi oversikt over dei organismane som finst og slektskapet mellom desse. Då blir vi i stand til å ta vare på biomangfaldet.

Biologisk mangfald og organiseringa av alle artar

Gammel plakat med insekter. Illustrasjon
Insekta utgjer ein spesielt artsrik klasse.

Bevaring av biologisk mangfald er i dag aktuelt som aldri før. Biologisk mangfald finst både på økosystem-, arts- og gennivå, men det er ofte artsmangfaldet som er i søkjelyset. Ingen veit sikkert kor mange artar som finst i verda. I underkant av to millionar artar er beskrivne, men talet er i realiteten mykje høgare. Det blir stadig oppdaga nye artar. Eit eksempel på det er studien "The census of marine life" som har vore i gang dei siste tiåra, og som har påvist 6000 nye artar i havet. Ut frå det som er registrert i Noreg i dag, reknar vi med at det finst om lag 70 000 artar her til lands, og då er ikkje mikroorganismar, bakteriar og virus tekne med.

Ein føresetnad for å kunne ta vare på det biologiske mangfaldet vårt er at vi har kunnskap om dei ulike organismane og leveviset deira. Det biologiske mangfaldet må organiserast på ein slik måte at det er mogleg å finne fram og ha oversikt over alle dei millionar av artar som vi kjenner til.

Systematikk og taksonomi – organisering basert på slektskap

Systematikk er læra om det biologiske mangfaldet og korleis dette mangfaldet er organisert i eit hierarkisk system bygd på kunnskap om det evolusjonære slektskapet mellom organismane. Ein meir snever definisjon av systematikk omfattar ikkje dei evolusjonære relasjonane mellom organismane, men er synonymt med det vi kallar taksonomi. Taksonomi handlar om identifikasjon, beskriving, nomenklatur og klassifisering av organismar.

"Without taxonomy to give shape to the bricks, and systematics to tell us how to put them together, the house of biological science is a meaningless jumble."
(Robert May, 1990.)

Taksonomi – klassifisering av organismene

Organismane blir klassifiserte i ulike grupper og nivå basert på morfologiske, kjemiske og åtferdsmessige likskapar og på felles karakterar som cellulær organisering, metabolisme og reproduksjon.

Dei taksonomiske nivåa som hovudsakleg blir nytta i klassifikasjonssystemet, er vist under.

I tillegg blir det til tider nytta ekstranivå mellom desse, som underklasse og overorden. Den gjeldande oppfatninga i dag er at klassifikasjonen til ei organismegruppe skal vere basert på felles slektskap der artane i ei avgrensa og definert gruppe har ein felles stamfar, og der alle etterkommarar etter denne stamfaren er inkluderte i gruppa (monofyli)

Alle organismar er fordelt på tre domene

Domena er det høgaste nivået innanfor klassifikasjonen og er rangert over rika. Dei tre domena er eubakteriar (ekte bakteriar), arkar og eukarya:

Dynamisk vitskap

Systematikken er ein dynamisk vitskap, og det vil heile tida komme endringar etter kvart som vi skaffar oss ny kunnskap. Føreslegne klassifikasjonar kan variere noko, og det som blir rekna som rekkje i eitt system, kan bli halde som underrekkje i eit anna like korrekt klassifikasjonssystem. Denne dynamikken gjer fagfeltet utfordrande, men dei utfordringane som ligg i systematikken, gjer det interessant og spennande. I dag viser det seg at vi har eit sterkt behov for å styrkje den vitskaplege kompetansen knytt til kunnskap om artar og systematikk, slik at vi for framtida vil vere betre rusta til å kartleggje, bevare og forvalte mangfaldet.

Læringsressursar

Systematikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter