Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Vern av biomangfaldChevronRight
  5. Kva truar og påverkar biomangfaldet?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva truar og påverkar biomangfaldet?

Den viktigaste årsaka til tap av biomangfald er at leveområda til mange artar blir øydelagde ved fysiske inngrep. Andre truslar mot biomangfaldet kan vere forureining, klimaendringar, hausting og introduksjon av framande artar. Jordbruk, skogbruk og utbyggingar av ulike slag (bustadfelt, industri, vegar) medverkar mest til å endre areala.

Myrgrøfting i Klæbu, Sør-Trøndelag
Myrgrøfting i Klæbu, Sør-Trøndelag

Fragmentering – natur går tapt bit for bit

Eit stort problem er at mykje natur går tapt bit for bit, såkalla fragmentering av landskapet. Det er vanskeleg å seie at akkurat den skogteigen eller den bekken er avgjerande. Men den samla effekten av at mange skogar blir hogne og mange bekker blir forureina eller lagde i røyr, blir ofte for stor. Når det blir for langt mellom kvar eigna levestad, vil artane få problem med å spreie seg, og det blir fare for innavl. Denne effekten kjem i tillegg til at leveområda blir færre og mindre. Stans i tradisjonell bruk av kulturlandskapet kan òg føre til at viktige naturtypar, og artane som lever der, blir borte. Dette gjeld særleg plantar og insekt.

Arealendringar som truar biomangfaldet

  • tap av villmarksprega område
  • lukking, senking og planering av elvar og bekker
  • utbygging og utretting av elvar
  • oppdyrking og intensivert bruk av jordbruksareal
  • utbygging og gjengroing i fjellet
  • utbygging og gjengroing ved kysten

Østers. Foto.
Stillehavsøstersen er ein svartelista art som har vore tilstades i norske farvatn sidan 2000-talet. Han konkurrerer med andre artar om plass og føde.

Marine økosystem er utsette for stort press som følgje av overfiske, forureining og havforsuring. I sørlege delar av landet er forsura vatn og vassdrag framleis eit problem for fisk og andre organismar i vatn.

Klimaendringane vil føre til at leveområde blir endra, og at nye artar etablerer seg. Ein del av desse artane kan det kanskje bli hyggjeleg å få på besøk. Men mange kan gjere skade på avling, vere sjukdomsspreiarar og/eller fortrengje dei opphavlege artane.

Læringsressursar

Vern av biomangfald

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Spurveforsking – bevaringsbiologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – biologisk mangfald og skogbruk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff