Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Vern av biomangfaldChevronRight
  5. Kvifor skal vi ta vare på biomangfald?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor skal vi ta vare på biomangfald?

Biomangfaldet er nødvendig for at økosystema skal fungere. Du legg nok ikkje merke til om ein sjelden plante- eller dyreart forsvinn frå eit naturområde, men det kan spele ei avgjerande rolle for korleis økosystemet fungerer. Vi veit altfor lite om artane sin funksjon i økosystema. Derfor er det viktig å ta vare på alle arter.

Ville blomster i mange farger på eng. Foto
Blomstereng i Vesterålen

Økologiske argument

Kongeørn med rev i klørne. Foto
Kongeørn et på raudrev

Alle organismar er ein del av eit komplisert samspel i naturen. Per i dag veit vi for lite om dette samspelet då det enno er mange artar som ikkje er godt nok undersøkte. Her følgjer ei oversikt over og eksempel på nokre av dei viktigaste funksjonane ein art kan ha i naturen.

  • artsmangfaldet trengst for å oppretthalde næringskjeder og næringsnett
  • artane er avhengige av kvarandre (samliv og symbiose)
  • nøkkelartar har mykje å seie for mange andre artar
  • artsrikdom er viktig for jordsmonndanning og for nedbrytingsprosessar i naturen
  • rovdyr og parasittar regulerer bestandane av mange artar
  • artsrikdommen utgjer ein viktig reserve viss miljøtilhøva blir endra
les meir

Artsmangfaldet trengst for å halde ved like næringskjeder og næringsnett

Mylderet av insekt utgjer næringsgrunnlaget for ein stor del av fuglelivet, bl.a. meiser, songarar og svaler. Meitemark og sniglar er mat for traster, piggsvin og grevlingar. Aure og laks lever av vassinsekt eller av insekt på og ved vassflata. Mus held liv i revar, ugler og rovfuglar.

Artane er avhengige av kvarandre (samliv og symbiose)

Naturen har mange eksempel på samliv (symbiose) der begge partane er avhengige av kvarandre. Blant blomar og insekt er det mange som er gjensidig avhengige. Blomane får overført pollen, mens insekta får nektar. Mange plantar er heilt avhengige av eit samliv med soppartar i jorda. Dette blir kalla sopprot eller mykorrhiza og gir utveksling av nødvendige næringsstoff. Mange av dei vanlege matsoppane, som kantarell og steinsopp, lever i symbiose med tre.

Nøkkelartar har mykje å seie for mange andre artar

Nokre artar blir kalla nøkkelartar fordi dei gir livsgrunnlag for mange andre artar. Eit eksempel er osp, som er det viktigaste treslaget når spettane skal hakke ut reirhòl. Gamle spettehòl blir deretter brukte av andre fugleartar som meiser, flogesnapparar, ugler, duer og ender. Eit anna eksempel er sild som gir grunnlag for mykje anna liv langs kysten, mellom anna i fuglefjella. Fleire fugleartar har gått sterkt tilbake, mellom anna fordi sildestammen tidlegare har vore overfiska. I Sørishavet er krillen mat for både fisk, pingvinar og kvalar.

Artsrikdom er viktig for jordsmonndanning og for nedbrytingsprosessar i naturen

Eitt gram jord kan innehalde fleire hundre millionar bakteriar og opptil ti kilometer med levande sopphyfar. Eit trillebårlass kompost kan innehalde eit enormt mangfald av ulike organismar, som meitemark, midd, spretthalar, rundormar, hjuldyr, sopp og bakteriar. Sidan artane har ulike funksjonar, ulike enzym og ulik evne til å omsetje forskjellige stoff, er dei til saman i stand til å bryte ned alle delar av daude dyr og plantar. Dette er nødvendig for at næringsstoffa skal bli tilgjengelege på nytt i stoffkrinsløpet.

Rovdyr og parasittar regulerer bestandane av mange artar

Hos hjortevilt kan fråvær av store rovdyr gi så høg bestand at han «kollapsar» på grunn av matmangel eller sjukdom. I insektverda er det vist at snylteveps og rovinsekt regulerer bestandar av planteetande insekt. Utan reguleringsmekanismar ville mange artar med eit enormt formeiringspotensial vekse ukontrollert.

Artsrikdommen utgjer ein viktig reserve viss miljøforholda blir endra

Dersom klimaendringane gir høgare temperaturar, kan granskogen forsvinne frå lågareliggjande strøk i Sør-Noreg. I staden vil edellauvskog etablere seg, det vil seie varmekjære treslag som eik, alm, lønn, lind og bøk. Dyre- og plantelivet i dei kommande skogane våre vil hovudsakleg komme frå dei små lommene av allereie eksisterande edellauvskog. Relativt raskt vil artar som er sjeldne i dag, overta og bli kvardagsartar. Den reparerande evna naturen har, ligg i stor grad i artsmangfaldet.

Etiske argument

Bisamrotte. Foto.
Bisamrotte

Stilt overfor ein urskog eller tett innpå ein vill, urørt foss opplever mange ein slags respekt for storleiken til naturen. Dette er naturdokument – resultat av naturprosessar over lang tid, heilt utan styring frå menneska. Desse kvalitetane kan bli borte for alltid dersom vi gjer store inngrep.

  • urørt natur har en eigenverdi
  • alle artar har en eigenverdi
  • mange artar har langd "hevd" på å busetje kloden
  • omsyn til framtidig evolusjon
  • omsyn til framtidige generasjonar
  • koplinga mellom religionar og naturvern
les meir

Urørt natur har en eigenverdi

Stilt overfor ein urskog eller tett innpå ein vill, urørt foss opplever mange ein slags respekt for storleiken til naturen. Dette er naturdokument – resultat av naturprosessar over lang tid, heilt utan styring frå menneska. Desse kvalitetane kan bli borte for alltid dersom vi gjer store inngrep.

Alle artar har ein eigenverdi

Å tilleggje ein art eigenverdi vil seie å respektere retten arten har til å eksistere og til å utfalde livspotensialet sitt, uansett om arten er nyttig for oss eller ikkje. Mange reagerer instinktivt mot for eksempel å fylle igjen dei siste dammane der trua salamandrar og augestikkarar lever.

Mange artar har lang "hevd" på å busetje kloden

Mange organismar har lang "hevd" på å busetje kloden. Krokodillar, skjelpadder, augestikkarar og kakerlakkar var utvikla allereie for fleire hundre millionar år sidan. Blomeprakta i naturen var òg på plass lenge før våre apeliknande forfedrar tok dei første forsiktige stega på to bein. Menneskeslekta har berre eksistert i om lag 2 millionar år, og arten menneske berre ein tiandedel av det igjen.

Omsyn til framtidig evolusjon

Mange føler at det er etisk feil å "klippe av" evolusjonære linjer, som kan bli råstoff for vidare evolusjon. Havskjelpaddene kan representere ei slik linje. Jo større spekter av mangfaldet i naturen som får vere med inn i framtida, desto meir materiale har evolusjonen å arbeide vidare med.

Omsyn til framtidige generasjonar

Dei fleste føler eit moralsk ansvar for slektene som kjem etter oss. Eit mangfald av naturtypar og artar er ei god gåve å gi vidare. Biomangfald betyr sikkerheit, valmoglegheit, livskvalitet og moglegheit til å oppleve autentisk natur. Framtidige generasjonar bør få dei same moglegheitene som oss. Ny teknologi kan i framtida gi uventa moglegheiter til å utnytte naturen utan å gjere skade.

Koplinga mellom religionar og naturvern

Mange av religionane og urbefolkningane i verda (inkludert det samiske folket) kan på litt ulike måtar ha eit nært forhold til naturen. Dette er forhold som ikkje bør ignorerast. Kristendommen er for eksempel oppteken av "skaparverket" som noko det er etisk riktig å verne om. Religionen kan vere ein universell døropnar til naturvernarbeidet.

Estetiske argument

Foss gjennom gønt skoglandskap. Foto.
Landskap med foss

Livskvalitet og trivsel handlar om meir enn materiell velferd. Befolkninga treng òg ei "grøn velferd". Naturopplevingane betyr mykje for oss. Når vi treng avkopling frå det daglege maset, søkjer vi etter stille, skjønnheit og positive opplevingar. Den estetiske skjønnheita ein opplever ved å sjå fargespel, former og samspel i urørt natur, gir tilfredsstilling, inspirasjon og glede for mange.

  • helsefremjande natur
  • vakker og urørt natur er ei kjelde til rekreasjon og glede
  • "Biophilia":Ei grunnleggjande interesse for natur og andre livsformer?
les meir

Helsefremjande natur

Det er viktige helsemessige og psykologiske effektar av intakt natur. Mangel på mosjon gir alvorleg helserisiko, og mange blir meir motiverte av å trene i naturen. Natur verkar òg avstressande, gir rekreasjon og store opplevingar.

Vakker og urørt natur er ei kjelde til rekreasjon og glede

Naturen er ein arena for livskvalitet og avkopling som ikkje kostar noko. Å øydeleggje han kan føre med seg store kostnader til reparasjon eller erstatningstiltak. Å bevare naturen er ofte noko av det rimelegaste ein kan gjere for å glede folk i nærmiljøet. Visse om tilgang til urørt natur er kjelde til glede og fasinasjon for mange.

"Biophilia":Ei grunnleggjande interesse for natur og andre livsformer?

Mennesket har ei naturleg, grunnleggjande og medfødd interesse for artar og natur, som er den ”eigentlege heimen” til mennesket. Intakt natur har gjerne ein intuitiv verdi for menneske.

Økonomiske argument

Svart frosk med røde tegninger sitter på ei hånd. Foto
Pilegiftfrosk, Ranitomeya amazonica

Maten, bygningsmateriala og kleda vi bruker, stammar frå ressursar som vi haustar av i naturen. I tillegg nyt vi godt av "varene og tenestene" i naturen i form av reinsing av vatn og luft, klimaregulering og produksjon av oksygen.

les meir

Treng vi så mange ulike artar? Reint økonomisk er det mange fleire artar som har verdi enn det vi veit og tenkjer på til dagleg. Mange kan etter kvart utnyttast økonomisk gjennom genteknologi. Stadig ny kunnskap og ein raskt veksande industri har gitt oss verktøy som gjer at vi kan utnytte økonomisk verdifulle eigenskapar som gena til artane har. Biokjemiske prosessar blir for eksempel brukte til produksjon av medisinar og reinsing av avfall.

Leiting etter gen og stoff blir kalla bioprospektering, og mange selskap køyrer eit kappløp for å ta patent på det dei finn – i Noreg òg. På 1960-talet blei det funne ein sopp (Cyclosporin) på Hardangervidda som inneheld viktige stoff som blir brukte ved organtransplantasjonar, og som no gir milliardinntekter til det sveitsiske legemiddelfirmaet som har patentet.

Læringsressursar

Vern av biomangfald

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Spurveforsking – bevaringsbiologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – biologisk mangfald og skogbruk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff