Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Vern av biomangfaldChevronRight
  5. Biologisk mangfald – artar, gen og økosystemChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Biologisk mangfald – artar, gen og økosystem

Omgrepet biomangfald viser til at det finst eit stort tal forskjellige organismar, det vil seie mange artar, genetisk variasjon innan artane og mange ulike (altså eit mangfald av) økosystem. I tillegg omfattar omgrepet biomangfald dei økologiske samanhengane som økosystema og artane er ein del av.

Artar

Frosk som sitter på ei grein av et bartre.
Spissnutefrosk, Finnsrudelva i Eidskog, Hedmark.

Biomangfaldet på jorda er så omfattande at ingen har oversikt over alle artar som eksisterer. Ein trur det er mellom 3 og 12 millionar artar på verdsbasis. I Noreg er det registrert cirka 40 000 artar. I tillegg trur vi at det finst cirka 20 000 artar som enno ikkje er oppdaga. Den største dyregruppa på land er insekt, som det er påvist cirka 16 000 artar av i Noreg.

Kvar art har sin eigen nisje som beskriv korleis ein art lever og bruker ressursar. Kvar enkelt art har si spesielle miljøtilpassing. Derfor kan talet på og samansetjinga av artar i eit område fortelje oss om naturen i området er frisk og intakt.

Genetisk variasjon

Fjellbjørkeskog med frodige urter.
Sølende naturreservat, Brekken. Marikåpeplantene ser ganske like ut, men de kan ha forskjellig arvemateriale.

Genetisk variasjon gir forskjell i utsjånad og eigenskapar mellom individ av same arten. Den genetiske variasjonen gjer at arten kan tilpasse seg leveområdet sitt. Utan eit minimum av genetisk variasjon vil arten vere sårbar for miljøendringar, sjukdom og konkurranse frå andre artar. Individ som har gen som er betre tilpassa miljøet arten lever i, har større sjanse til å overleve og reprodusere enn dei som er mindre tilpassa. Lokale særpreg er ein del av den genetiske variasjonen til ein art. Eit eksempel er det store mangfaldet av laksestammar i Noreg. Fordi villaksen finn tilbake til si eiga fødeelv for å gyte, har det utvikla seg ei rekkje forskjellige stammar av laks, kvar genetisk og lokalt tilpassa livet i si elv.

Økosystem og naturtypar

Geitrams i strandsonen ved innsjø. Foto
En innsjø med strandsonen rundt kan utgjøre et økosystem.

Eit økosystem inkluderer både det fysiske miljøet i eit bestemt område og dei samfunna av levande organismar som lever der. Ein naturtype er eit einsarta område i naturen som omfattar plante- og dyreliv og miljøfaktorar som fukt, berggrunn og næringstilgang. Storleiken varierer frå små område som eit gammalt tre, ein vegkant eller ein dam til store område som fjell, ein urskog eller ein fjord. Eit rikt mangfald av økosystem og naturtypar er ein føresetnad for eit stort artsmangfald, fordi det gir mange og varierte leveområde for artar som stiller ulike krav til miljøet.

Læringsressursar

Vern av biomangfald

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Spurveforsking – bevaringsbiologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – biologisk mangfald og skogbruk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff