1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. Vern av biomangfaldChevronRight
  5. Biologimangfald på timeplanenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Biologimangfald på timeplanen

Collage som viser trua arter
[b]INTERAKTIV GRAFIKK: [/b]Artsdatabanken har plassert 217 artar på svartelista. Dette er artar som utgjer ein svært høg eller høg økologisk risiko. Grafikken viser elleve av dei farlegaste artane.

Dette er saka:

  • Artsdatabanken har utarbeidd "Fremmedartlista 2018" som gir ein oversikt over kva slags økologisk risiko framande artar utgjer for naturmangfaldet i Noreg.
  • Framande artar blir definerte som dyr og plantar som ved hjelp av menneske har spreidd seg til område der dei ikkje naturleg høyrer heime. Det kan dreie seg om artar som er sette ut med vitande og vilje, artar som har rømt frå fangenskap, eller artar som kjem som «blindpassasjerar».

Les artikkelen: Fremmedartlista 2018

Oppgåve 1

  • Nemn ti artar som står på Fremmedartlista 2018.
  • Forklar kvifor desse artane har hamna på lista.

Oppgåve 2

Feltarbeid

  • Bruk kartet frå Miljøstatus.no og finn ut om nokre av artane som står på Fremmedartlista finst i nærleiken av der du bur.
  • Ta bilete og dokumenter funna dine på internett. Når det er relevant, ta gjerne med i biletet ein kjent gjenstand (kronestykke, fyrstikkeske e.l.) som viser kor stort eksemplaret er.

Utstyr: Kamera, notisblokk, kjent gjenstand (fyrstikkeske e.l.)

Slik gjer du:

  1. Gå ut i nærmiljøet ditt og leit etter artar som står på Fremmedartlista 2018.
  2. Ta bilete av alle dei ulike artane du finn. Ta gjerne bilete frå fleire vinklar.
  3. Bruk internett for å finne ut kva artane du har funne, heiter. Bruk Artsdatabanken eller eventuelt ein annan database.
  4. Finn ut korleis denne arten har spreidd seg til nærområdet ditt.
  5. Forklar kvifor denne arten truar norsk natur.
  6. Lag ein presentasjon eller wiki. Last opp på NDLAs delingsarena.

Tips: Klassen kan t.d. opprette ein felles blogg eller artikkel på Wikipedia.

Slik unngår du hagerømlingar

  • Lær deg kva for hageplantar som er ein trussel utanfor hagegjerdet.
  • Sørg for at hageplantane dine ikkje spreier seg ut av hagen.
  • Ikkje ta med plantar frå utlandet.
  • Ikkje plant ut spesielt aggressive og skadelege prydplantar.
  • Ikkje kast hageavfall frå framandartar i naturen.
  • Sørg for at planteavfall som kan innehalde frukter eller frø frå svartelisteartar, blir brent.
  • Anna planteavfall frå svartlista artar kan godt kastast i komposten så lenge det er snakk om varmekompostering.
  • Når du handlar eller byter plantar, bør du vere merksam på at det kan følgje med organismar som kan bli vanskelege å bli kvitt seinare.
  • Finn du svartelisteartar i naturen, så meld frå til www.artsdatabanken.no

Læringsressursar

Vern av biomangfald

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Spurveforsking – bevaringsbiologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – biologisk mangfald og skogbruk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff