Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. ForskingChevronRight
  5. ForsøksrapportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forsøksrapport

Naturvitskaplege rapportar er ein eigen sjanger med faste punkt og eit presist språk. Rapportane blir dermed oversiktlige og inneheld nok informasjon til at forsøka kan kopierast og etterprøvast av andre. Her får du rettleiing i å skrive ein forsøksrapport trinn for trinn.

Elever gjør forsøk på laboraoriet. Foto.

Å kommunisere resultata

Et utfylt skjema. Illustrasjon.
Bilete av den interaktive rapportmalen.

For alle forskarar er det vesentleg at dei klarar å formidle resultat frå arbeidet sitt til andre forskarar og til publikum. I all skriving er det viktig å vite kven ein skriv for. Når du skriv rapportar i biologifaget, må du tenkje deg at du skriv for andre elevar som kan omtrent like mykje som deg, og til lærarane som skal vurdere arbeidet ditt.

Hugs at du også kan bruke rapporten til repetisjon og førebuing før eksamen. I skolen praktiserer vi vitskapelege arbeidsmetodar på ein enkel, men likevel seriøs måte.

Følgjande punkt bør vere med i rapporten

Namn, klasse, dato og tittel

Skriv ditt eige namn og namna på dei du eventuelt har samarbeidd med. Bruk datoen då forsøket blei utført. Overskrifta skal vere kort og beskrive kva forsøket går ut på.

Hensikt (problembeskriving)

Her beskriv du kort kva for problem som skal undersøkjast, og kva som er hensikta med forsøket.

Teori

Jodløsning dryppes på potet og i stivelsesløsning. Foto.
Jodløysing fargar stivelse blå-svart.

Til vanleg startar du rapporten med å vise til kjend bakgrunnsinformasjon som forsøket byggjer på og som er nødvendig for å forstå dette forsøket. Dette skal gi lesarane ei forståing av kvifor du ønsker å undersøke problemet, og gjer det lettare å knyte saman teoretiske kunnskapar og praktiske erfaringar.

Her kan det vere aktuelt å skrive inn kjente reaksjonar som du vil bruke i forsøket, som til dømes at jod fargar stivelse blå. Reaksjonslikningar og figurar bør nummererast slik at du kan vise til dei under drøftinga seinare i rapporten.

Bakgrunnsteori kan du finne i forsøk du har gjort tidlegare, på NDLA, i lærebøker og i ulike nettressursar som du stoler på, men hugs å ta med kjeldetilvisingar.

I enkelte forsøk er det unødvendig å skrive bakgrunnsteori.

Hypotesar

Før du startar forsøket, lagar du ein eller fleire hypotesar. Desse presenterer du her akkurat slik du formulerte dei før forsøket starta. Ein hypotese må skrivast som ein påstand som kan testast med eksperiment, og skal vere ei kvalifisert gjetting basert på tidlegare erfaringar og kunnskapar.

Utstyr

Kjemikalier, reagensrør, begerglass og spatel på en benk. Foto.
Utstyr og kjemikaliar klart til eit forsøk

Lag ei liste eller ein tekstboks over utstyr og kjemikaliar du har brukt, og bruk gjerne bilete som kan fylle ut beskrivinga.

Metode/framgangsmåte

Metodebeskrivinga må vere nøyaktig og enkel, men likevel så detaljert at andre som vil etterprøve forsøket, lett kan forstå korleis du har arbeidd. Ta berre med viktig informasjon utan sjølvfølgjer. Ofte kan det lønne seg å vise metoden punktvis.

  • I metodedelen skal du skrive upersonleg i passiv form og i fortid.
  • Språket skal vere presist, objektivt og nøkternt utan vurderingar eller omtale av resultat.
  • Bilete og figurar av forsøksoppsett kan gi viktig tilleggsinformasjon til teksten. Bruk kamera eller mobiltelefon til å dokumentere forsøket.
  • Figurar og tabellar skal vere nummerert og ha ein tekst som fortel kva figuren/tabellen viser, og kven som har laga han. Illustrasjonar bør plasserast der dei høyrer heime i rapporten.

Resultat og observasjonar

Forsøksresultat. Illustrasjon.
Døme på graf og tabell over forsøksresultat

Her skal du presentere resultata på ein oversiktleg og nøyaktig måte, gjerne punktvis. Beskriv det du målte, såg, høyrde, lukta og følte utan å vurdere resultata. No er det viktig å ha gode notat frå sjølve forsøket. Målingar kan med fordel presenterast i ein tabell og som ein graf.

Observasjonar kan godt dokumenterast som bilete med tilhøyrande kommentarar. Alle tabellar eller figurar bør ha figurnummer og tilhøyrande forklarande tekst. Du bør også ta med reaksjonslikningar for kjemiske reaksjonar og eventuelle utrekningar du måtte gjere.

Drøfting (tolking av resultat og feilkjelder)

Kvinne bruker PC på laboratoriet. Foto.
Bruk av PC på laboratoriet

Her skal du forklare (drøfte) kva resultata fortel deg. Du må vere kritisk og vurdere om resultata er til å stole på, og om du har eit resultatgrunnlag som er godt nok til å trekkje ein konklusjon. Du skal drøfte og forklare det du har målt og observert. Beskriv moglege feilkjelder, og vurder korleis dei kan ha påverka resultatet. Kva kunne du eventuelt ha gjort annleis for å redusere feilkjeldene? Vurder kvifor forsøket eventuelt ikkje gjekk som forventa.

Konklusjon

Når du trekkjer konklusjonar, må du gå tilbake til innleiinga. Ta utgangspunkt i det du har skrive om hensikt og hypotese. Er hensikta oppnådd? Må hypotesane forkastast, eller kan dei verifiserast? Du skal kort og konkret slå fast kva forsøket viser. To til tre setningar kan vere nok.

Kjeldeliste

Her oppgir du referansar til kjeldene du brukte då du gjorde forsøket, og då du skreiv rapporten. Lenker til nettsider kan leggjast inn direkte i teksten, eller som fotnotar med tilvisingar til nettsider, bøker eller tidsskrift. Før opp forfattar/opphav, tittel, URL, årstal og eventuelt forlag og sidetal. Sjå tips hos kildekompasset.no. Hugs at det er strenge reglar om opphavsrett for bruk av bilete som ikkje er dine eigne.

Rapportgeneratoren – nyttig når du skal føre forsøk

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter