1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. ForskingChevronRight
  5. Arbeid i laboratoriumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeid i laboratorium

I laboratoriet kan du lære mykje av eksperiment, drøftingar og refleksjonar. Det er spennande å arbeide i eit laboratorium, men det er viktig å planleggje godt før du startar. Grundig førearbeid gjer deg tryggare, og det faglege utbyttet blir betre.


To gutter analyserer jordprøver

Laboratoriet – rom for forsking

Somme kjenner nysgjerrigheita krible når dei kjem inn i eit laboratorium, mens andre føler seg usikre fordi det er så mykje å setje seg inn i, strenge krav til nøyaktigheit og mange farar som lurer.

Når du blir kjent med utstyret og veit korleis det skal behandlast, er det både morosamt og interessant å jobbe på laboratoriet. Mange opplever at lærestoffet blir lettare å forstå når dei får prøvd ut teoriar i praksis.

Drøftingar og refleksjonar om metodar og resultat er ein viktig del av læringsprosessen. Ein annan viktig del av kunnskapsbygginga på laben går føre seg ved at vi får bekrefta resultat frå forsøk som andre har gjort tidlegare.

Før du set i gong forsøket

Uansett om du har ei ferdig beskriving av forsøket som skal gjerast, eller om det er eit ope forsøk som du sjølv har planlagt, må du tenkje gjennom desse punkta før du startar prosedyren:

  • Har du det utstyret og dei kjemikalia som trengst?
  • Må du arbeide i avtrekksskap (personvern) eller sterilbenk (produktvern)?
  • Set deg inn i bruken av utstyret viss du ikkje kan det frå før.
  • Les datablader for dei kjemikalia som du skal bruke.
  • Tidsplan: Har du nok tid til å fullføre forsøket?
    • Viss ikkje må du finne ut etter kva for trinn du kan stoppe, og kor lenge forsøket kan lagrast før du fullfører det.
    • Kor kan du mellomlagre det uferdige forsøket ditt? Må du ta omsyn til lys og temperatur under lagring?
  • Korleis vil du dokumentere resultata i rapporten?
    • Kanskje du skal sete måleresultat inn i tabellar og framstille grafar.
    • Du kan også dokumentere metode og resultat med foto og film. Viss du skal fotografere gjennom okularet til ei lupe eller eit mikroskop, kan det vere lurt å gjere klar ei hylse (til dømes ein dorull) som avstandshaldar og hjelp til stødig fokusering.
      Tips om bruk av mobiltelefon i undervisninga

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Forsøk

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter