Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. ForskingChevronRight
  5. Måleusikkerheit, feilkjelder og variablarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Måleusikkerheit, feilkjelder og variablar

Når vi skal måle noko, oppstår det ofte usikkerheit. Kor nøyaktig er måleinstrumentet og metoden? Finst det eit eksakt riktig svar, eller varierer det over tid? Finst det feilkjelder? Er du objektiv når du observerer, og kor mange siffer skal du bruke i svaret?

Identifiser variablane

Vi må finne ut kva som kan påverke resultatet av forsøket når vi skal gjere naturvitskaplege undersøkingar. Det vi gjer, er å finne dei forholda som kan endrast i løpet av forsøket. Desse kallar vi variablane. Det er enklast å få tydelege resultat viss du endrar berre éin variabel om gongen.

Systematisk bruk av variablar – omgrep

  • Uavhengig variabel (= variert faktor) – den faktoren som vi endrar i forsøket
  • Avhengig variabel (= målt faktor) – den faktoren som vi målar i forsøket
  • Kontrollerte variablar (= kontrollerte faktorar) – dei faktorane som må haldast konstante fordi dei kan påverke resultata. Desse må vere like kvar gong for at det skal bli ein best mogleg samanheng mellom uavhengig og avhengig variabel.

Metode

Når du har identifisert variablane, skal du prøve å finne ein metode der du kan kontrollere variablane i forsøket ditt. Då kan du teste ut verknaden av éin variabel om gongen, mens dei andre blir haldne konstante.

En serie med frø som spirer i ulike stadier. Foto.

Tenk gjennom:

  • Kva for variablar kan tenkjast å påverke spiringa til frø?
    Sorter i uavhengige, avhengige og kontrollerte variablar.
  • Lag din hypotese om kva du trur påverkar spiringa.
  • Korleis kan du finne ut om hypotesen din stemmer?

Måleusikkerheit og feilkjelder

Det er alltid ein fare for å måle feil. Når du måler noko, enten det er masse, pH, lengd, temperatur eller tid, må du vere nøyaktig. Viss du les av feil, brukar ein unøyaktig målemetode, eller det er feil på utstyret, får du ei feilkjelde som påverkar målingane. Feil bruk av utstyr eller feil med utstyr påverkar alle resultata, mens tilfeldige unøyaktigheiter påverkar enkelte resultat.

Den menneskelege faktoren

Blå og gule striper med grønne kvadrater. Tegning.
Dei grøne kvadrata er identiske, men ser det slik ut?
To like lange linjer som ser ulike ut. Illustrasjon.
Kan det stemme at dei to linjene er like lange?

Vi menneske lar oss lett påverke av det vi ønskjer å registrere, eller det vi føler at andre forventar. Dermed registrerer vi ofte at vi ser, luktar og høyrer noko anna enn det vi verkeleg gjer. Sjølv om det er vanskeleg å unngå denne fella, kan det hjelpe at vi er klar over faren og prøver å vere objektive og ærlege når vi observerer.

Korleis kan vi minimere usikkerheita?

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter