Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. ForskingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Vasspreparat for mikroskopering

For å få gode bilete av objekt i mikroskopet må du vere nøyaktig når du lagar preparatet.

Utstyr

  • objektglas
  • dekkglas
  • dropeteljar
  • filtrerpapir

Framgangsmåte

  1. Objektglas og dekkglas må vere heilt reine.
  2. Set ein drope vatn på objektglaset og plasser det du skal sjå på, for eksempel ein bit av eit hårstrå, i vassdropen.
  3. Set kanten av dekkglaset forsiktig mot objektglaset. Deretter legg du det langsamt ned på objektglaset. På denne måten får du pressa ut lufta, slik at du unngår luftbobler. Dekkglaset skal liggje tett inntil objektglaset og ikkje «segle» omkring på vassdropen. Sjå bilete 1.
  4. Dersom vatnet går ut over kanten på dekkglaset, må du fjerne det overflødige med eit filtrerpapir. Sjå bilete 2.
  5. Er det for lite vatn, skal du setje til ein liten drope ved kanten av dekkglaset. Vatnet trekkjer inn av seg sjølv. Viss du arbeider lenge med eit preparat, kan det bli nødvendig å setje til vatn fleire gonger. Sjå bilete 3.
  6. Viss du skal tilsetje for eksempel jod eller eit fargestoff til preparatet, plasserer du ein drope ved kanten av dekkglaset og trekkjer han inn under dekkglaset ved å fjerne vatn frå den motsette sida ved hjelp av eit filtrerpapir. Sjå bilete 4.

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter