Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. ForskingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Forsking

Menneska har tileigna seg kunnskap om naturvitskaplege samanhengar i fleire tusen år. Nysgjerrigheit er og har vore ei viktig drivkraft i forskinga, men for at søkinga etter ny kunnskap skal bli effektiv og gi pålitelege resultat, treng vi kunnskap om naturvitskaplege metodar.

Eksperiment og rapportskriving

I dette emnet skal du lære om naturvitskaplege arbeidsmetodar og planleggje og gjennomføre eksperiment. Når du skriv rapport, skal du også vise at du kjenner til moglege feilkjelder.

Grunnforsking og anvend forsking

Vi skil ofte mellom grunnforsking og anvend forsking. Forskarar som arbeider med grunnforsking, arbeider for å auke grunnleggjande kunnskap utan mål om spesiell bruk, men gir viktig grunnlag for anvend forsking, som først og fremst er retta mot praktiske mål. Det kan til dømes føre til ein ny type medisin, betre batteri eller meir effektiv reinsing av vatn.

Omgrepet «strategisk (eller målretta) grunnforsking» blir ofte brukt når ein forventar at forskinga skal gi oppnådde kunnskapar som vil kunne bidra til å løyse bestemte problem. Slik forsking aukar den generelle kunnskapsmassen vår, på same tid som forskinga har ein potensiell nytteverdi til dømes innan medisin og klimaforsking.

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter