Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjelletChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Karsporeplantar

Karsporeplantane er ei samlegruppe for bregnar, sneller og kråkefotplantar. Dette er plantar som ikkje dannar blome. Dei formeirar seg med sporar, og leier vatn og oppløyste næringsstoff gjennom plantane i røyrforma celler (kar), noko som er opphav til namnet ”karsporeplantar”.

Sporeplantar har generasjonsveksling

Som andre sporeplantar har bregnane generasjonsveksling der livssyklusen vekslar mellom ein generasjon som produserer kjønnsceller (gametofytten), og ein ukjønna generasjon som produserer sporar (sporofytten). Sjølv om dei enkelte artane har litt ulik generasjonsveksling, er det regelen at gametofyttplanten er liten og stikk seg ikkje ut i forhold til sporofytten (det vi ser på som ”sjølve bregnen”).

Føremål

I dette feltarbeidet skal du bli kjend med karsporeplantar som finst i ekskursjonsområdet.

Førebuing

Gjer deg litt kjent med karsporeplantar før du dreg av garde. Bruk læreboka, flora, NDLA og andre nettstader for å lære meir om karsporeplantar. Lag ei liste over dei vanlegaste artane du kan forvente å finne i ekskursjonsområdet ditt.

Utstyr

  • flora
  • notat om karsporeplantar i ekskursjonsområdet
  • kart
  • kamera eller mobiltelefon
  • feltlupe
  • skriveunderlag
  • blyant

Framgangsmåte

  1. Når du er på lokaliteten, skal du fotografere og bestemme artane du finn, og notere litt om veksestaden.
  2. Finn ut kva for artar som dominerer i ekskursjonsområdet.
  3. Prøv å finne sporehopar for dei enkelte artane, merk deg og noter korleis sporehopane sit, og ta bilete av dette. Bruk feltlupe og sjå på sporehusa.
  4. Ta med deg prøvar av karsporeplantar som har tydelege sporehus, og sjå på desse i lupe når du kjem tilbake til skolen. Noter kva du ser, og forsøk å fotografere med mobilkameraet ditt gjennom lupa.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei innleiing om karsporeplantar generelt, og forklar generasjonsveksling.
  • Beskriv kva for artar du fann på ekskursjonen, ta med bilete, og gi litt faktainformasjon om kvar art.
  • Fortel kva for artar som dominerte, og kva for artar som hadde tydelege sporehus.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter