Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjelletChevronRight
  5. SuksesjonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Suksesjon

Suksesjon betyr ”endring over tid”. Dersom skulen bruker det same ekskursjonsområdet gjennom fleire år, er det mogleg å følgje utviklinga av eit plantesamfunn over tid og kartleggje suksesjonen i eitt eller fleire små utvalde område.

Føremål

I dette feltarbeidet skal du undersøkje det same området gjennom fleire år, og følgje med på utviklinga av eit plantesamfunn over tid.

Suksesjon

Når vi bruker ordet ”suksesjon” i botanisk samanheng, tenkjer vi på endring i plantedekket i eit avgrensa område over tid. Plantar (og dyr) blir påverka av dei abiotiske miljøforholda, noko som vil prege alle typar suksesjon. Studiar av botanisk suksesjon tek lang tid, oftast mange år.

Et vann gror igjen. Illustrasjon.
Suksesjon frå tjern til myr.
les mer

Det kan vere best å setje i gang i område der det ikkje finst plantar frå før, der naturlege eller menneskelege inngrep gjer at suksesjonen startar heilt på nytt. Suksesjon som startar på nytt i eit plantelaust område, kallar vi primærsuksesjon. Dette kan til dømes skje slik som bileta på denne sida viser, langs strandkanten til eit fjellvatn som har blitt tappa delvis ned.

Vi kan òg studere sekundærsuksesjon der plantar veks i område som har blitt kraftig endra, men ikkje utraderte, slik som i hogstfelt, etter ein skogbrann, etter eit jordras eller i ein åker som blir lagd brakk.

Dei første plantane som etablerer seg, kallar vi ”pionerplantar”. Dette er artar som raskt får fotfeste, veks fort, men som òg relativt fort blir utkonkurrerte av andre artar. Døme på typiske pionerplantar i låglandet i Sør-Noreg er bringebær, smyle og geitrams. Pionerplantane blir gradvis erstatta av meir seintveksande artar slik som små buskar og lauvtre. Sakte, men sikkert utviklar området seg mot eit relativt stabilt klimakssamfunn der enkelte godt tilpassa artar dominerer og normalt ikkje lèt seg rokke, med mindre det skjer nye meir eller mindre dramatiske inngrep i området. Døme på plantar som dominerer i klimakssamfunn i låglandet i Sør-Noreg er furu, gran, einer, blåbær og røsslyng.

Eit døme på feltarbeid om suksesjon

Innsjø som er tappa ned. Foto
Finndalsvatn 1992

Ved Lister vidaregåande skule (avd. Flekkefjord) har biologiklassane drive suksesjonsstudiar på fjellet ved Knaben i Vest-Agder sidan 1992. Då blei eit lite fjellvatn, Finndalsvatn, som før var demt heilt opp, tappa delvis ned, og strandkantane blei liggjande på tørt land. Her var vegetasjonen ikkje-eksisterande, og suksesjonen av landplantar starta på null.

Elevane merkte opp fem ruter på 2 x 2 meter og markerte hjørna med trepluggar. Dei fem rutene fordelte seg over eit område på cirka 50 x 50 meter. I 1996 blei området på nytt lagt under vatn for ein kortare periode, og dette førte til eit avbrot i suksesjonen. Sidan den gong har likevel plantedekket utvikla seg frå eit primærsamfunn mot eit klimakssamfunn.

Innsjø på fjellet. Foto
Finndalsvatn 2010.

I dette eksemplet følgjer vi rute nummer 4 i ein biletserie. Her kan vi sjå at dei første artane som blir synlege (1993–1995), er bjønnskjegg og ein storrart (truleg gråstorr). Seinare kjem duskull, og etter kvart dukkar minst to artar av bjørnemose opp. I 2010 – 18 år etter at ruta blei etablert – dominerer bjørnemose, medan mikkelsbær og litt røsslyng òg har fått fotfeste.

Utstyr

  • flora
  • kart
  • kamera eller mobiltelefon
  • GPS
  • skriveunderlag
  • blyant

Framgangsmåte

Suksesjonsstudiar i skulesamanheng krev at skulen bruker det same suksesjonsområdet over fleire år. Suksesjonsstudiar kan gjerast i nærleiken av skulen eller på ekskursjonsområde lenger vekk, slik som på fjellet.

  1. Elever gjør undersøkelser i fjellet. Foto
    Undersøking av suksesjonsrute.
    Når du skal observere ei suksesjonsrute, er det viktig at du set deg inn i korleis ruta har sett ut tidlegare, slik at du kan merke deg endringane frå førre gongen ho blei observert. For å kartleggje dette i praksis, er det best å bruke fotografi kombinert med ein observasjonslogg der du noterer kva for artar som veks i ruta, og kor ofte dei førekjem.
  2. Lag artslister for kvar rute, og gi kvar art ein vektor som indikerer kor ofte førekomsten er inni ruta. Dette er ein av fleire måtar å registrere suksesjonen på. Skulen må lage eit format som passar for området de studerer. Dersom skulen har fleire suksesjonsruter i det same området, er det praktisk å la elevgrupper undersøkje kvar sine ruter.
  3. Pass på at alle fotografi og observasjonar blir nøyaktig merkte og arkiverte etter eit system, slik at kommande elevkull kan halde fram med observasjonar baserte på tidlegare resultat.
  4. Lag eit dataarkiv, og pass på å ta tryggleikskopiar. Publiser observasjonane på heimesida til skulen.

Til ekskursjonsrapporten

  • I ekskursjonsrapporten din tek du med eit avsnitt om suksesjon generelt og forklarer kva vi meiner med dette.
  • Merk av på eit kart kvar suksesjonsrutene de undersøkte ligg.
  • Presenter resultata av undersøkingane de gjorde.
  • Vis bilete av dei enkelte rutene, og presenter korleis vegetasjonen i rutene har endra seg over tid.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet