Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjelletChevronRight
  5. LavChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Lav

Lav er ein plante som består av ein sopp og ein alge som lever i symbiose. Lav er utbreidd over heile landet, frå dei ytste kyststrøka til det høgaste fjellet, og finst òg på Svalbard. Dersom lufta blir forureina, sluttar lava å vekse. I denne oppgåva skal du arbeide med lav frå fjellet og lære meir om lav generelt.

Hensikt

I denne oppgåva skal du arbeide med lav frå fjellet og lære meir om lav generelt.

Utstyr

  • bestemmingslitteratur for lav
  • GPS
  • kamera eller mobiltelefon
  • skriveunderlag og blyant
  • målband eller oppmålt tau med knutar for kvar meter

Framgangsmåte

  1. Prøv å lage ei oversikt over kor mange lavartar du kan finne innanfor eit avgrensa område, slik som på ei stor rullesteinsblokk eller på ei bergflate eller slette. Området kan til dømes vere 4 x 4 meter eller større. Merk opp området med tau eller målband.
  2. Merk av området på eit kart, eller registrer posisjonen og høgda over havet med GPS.
  3. Fotografer lavartane i ruta, prøv å artsbestemme dei, og finn ut kva art som dominerer. Kor stort del av arealet er dekt av lav? Ta notat.
  4. Vel ut nokre koloniar med kartlav, mål diameteren på koloniane, og prøv å rekne ut kor gamle dei er.
  5. Mål opp eit bestemt areal på ei horisontal flate av berget (for eksempel 0,5 x 0,5 meter), og registrer kor mange koloniar av lav som veks her totalt.
    1. Kor mange av koloniane er kartlav?
    2. Kva finn du ut?
  6. Gjenta denne registreringa på fleire ruter i same område.
  7. Viss det er mogleg, prøv å registrere endringar i samansetjinga av lav mens du flytter deg frå lågtliggjande område opp i høgfjellet.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei oppsummering om biologien til lava, og presenter denne for klassen.
  • Forklar kva ordet "symbiose" tyder i denne samanhengen, og kom spesielt inn på symbioseforholdet til lavet.
  • Presenter òg metoden og resultata frå feltarbeidet i tekst og bilete, og forklar korleis lav kan brukast som aldersdateringsindikator.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet