Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjelletChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Snøleie

Snøleie er område i fjellet der snøen ligg lenge. Plantane som veks her får vern mot kulde, men må klare seg med ein kort vekstsesong. I denne feltoppgåva skal du studere vegetasjonen i snøleie og lære meir om nokre typiske snøleieartar og forholda her.

Føremål

I denne feltoppgåva skal du studere vegetasjonen i snøleie og lære meir om nokre typiske snøleieartar og forholda her.

Kva er eit ”snøleie”?

Fjellandskap med snø. Foto
Snøleie i Jotunheimen i juli.

I eit snøleie ligg snøen lenge, slik at vekstsesongen for plantane blir kort. Berre plantar som klarer å gjennomføre bløminga og setje frø på kort tid, kan vekse der. Vi seier at plantane må klare seg med ”ein kort sesong”.

I ekstreme snøleie kan snøen nokre år bli liggjande over heile sommaren. I slike snøleie må plantane tole at det av og til går fleire år mellom kvar gong dei smeltar fram og får drive fotosyntese. I ein kort vekstsesong klarer ikkje plantane å produsere så mykje stoff gjennom fotosyntesen at dei kan vekse mykje. Snøleieplantar er derfor oftast låge.

Polarvier. Foto
Polarvier

Når plantane først dukkar fram frå snøleiet, er det allereie sommar og liten fare for frost i fjellet – dette er fordelen med å vekse her. Under snøen har plantane hatt godt vern mot frost som er ei utfordring om våren for andre plantar i fjellet.

Snøleieplantar treng ikkje vere tilpassa til å tole like mykje kulde som plantane på rabbane, og dei treng heller ikkje tole like mykje vind, uttørking og slitasje frå iskrystallar.

Liten palnte med små, runde blad. Foto
Musøre

I lågalpine soner er den mest typiske planten på snøleie dvergbusken musøyre eller polarvier (som føretrekkjer kalkrikt jordsmonn). I ekstremsnøleie må musøyre gi tapt, og vi finn berre mosar. I snøleie der snøen forsvinn relativt tidleg, finn vi ofte gras og urter. Dverggråurt og brearve er to andre døme på snøleieplantar.

Frodig bregne. Foto
Fjellburkne
grønn klatt mellom gråstein. Foto
Hestespreng

Snøleia er òg forskjellige når det gjeld kor mykje fukt dei har i vekstsesongen. Nokre snøleie tørkar ut etter at dei har tint fram, mens andre er konstant overrisla av smeltevatn eller bekker. Dette er viktig for vegetasjonen. Snøleie som smeltar tidleg, tørkar normalt ut etter at dei smeltar fram, og her finn vi ofte planten finnskjegg. Snøleie med mykje stein har gjerne bregnevegetasjon, slik som fjellburkne og hestespreng.

I mellomalpine soner blir områda med musøyre- og mosesnøleie større. Høgare opp, i øvre mellomalpine soner og i høgalpine soner, forsvinn musøyre heilt, og forskjellen mellom snøleie og rabbar blir òg stort sett borte.

Utstyr

  • flora
  • bakgrunnsstoff om vanlege artar i snøleier
  • kamera eller mobiltelefon
  • GPS eller mobiltelefon
  • termometer
  • måleband
  • skriveunderlag
  • blyant

Framgangsmåte

  1. Elever gjør undersøkelser i fjellet. Foto
    Begynn med å merkje av snøleiet på kartet, og noter posisjon.
  2. Bruk GPS eller kart til å finne kor høgt snøleiet ligg over havet.
  3. Gjer eit anslag over kor stort snøleiet er. Mål det opp om mogleg.
  4. Er snøleiet tørt eller fuktig?
  5. Viss det renn vatn i snøleiet, er dette svært kaldt? Mål temperaturen. Ta bilete, og noter.
  6. Registrer plantar som veks i snøleiet, ta bilete, slå opp i floraen, og noter. Merk deg kva for artar som er mest talrike.
  7. Lag ei artsliste.
  8. Kan du sjå om nokre av plantane blømer eller har frukter?
  9. Stemmer det at plantane i snøleiet er låge?
  10. Samanlikn vegetasjonen i snøleiet med vegetasjonen utanfor. Kva legg du merke til?

Til ekskursjonsrapporten

  • Forklar kva vi meiner med eit ”snøleie”, og beskriv det snøleiet du undersøkte spesielt.
  • Beskriv og vis bilete av dei vanlegaste artane i snøleiet, og presenter heile artslista. Viss musøyre er ein av dei dominerande plantane, presenterer du denne arten grundig.
  • Vis eit bilete frå sjølve snøleiet og eit frå området like utanfor til samanlikning.
  • Lag ein grundig bilettekst til dei to bileta som viser forskjellane i vegetasjonen.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet