Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjelletChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Lyng

Lyng er nøkkelplantar i fjellet. I den lågalpine sona veks fleire lyngartar saman og kan dominere plantedekket mange stader. Lyng trivst i gammal næringsfattig jord, og frøa frå lyng kan liggje i jorda i mange år før dei spirer. Her er nokre vanlege lyngartar:

Føremål

I denne oppgåva skal du bli kjent med nokre lyngartar og undersøkje veksten av lyng i ekskursjonsområdet ditt.

Utstyr

  • flora
  • liten spade
  • tau (16 meter eller lengre)
  • 4 trepinnar eller teltpluggar
  • bakgrunnsstoff om lyngartar
  • kamera/mobil
  • skriveunderlag
  • blyant

Framgangsmåte

  1. En mann registrerer planter som vokser innen for en rute på en kvadratmeter. Foto
    Ruteanalyse
    Når du kjem opp på fjellet, vil du fort sjå at det her veks mykje lyng. Vel ut eit eller fleire område.
  2. Marker ei rute på 4 x 4 meter (eventuelt større) med tau og pinnar i hjørna i kvart område, og registrer kva for lyngartar du finn innanfor ruta.
  3. Lag ei oversikt over kva artar som dominerer. Viss du vil, kan du lage ein skala frå 1–5, der ”5” betyr svært dominerande, og ”1” betyr spreidd vekst. Er det ein eller fleire lyngartar som dominerer tydeleg?
  4. Samanlikn veksten med bileta i floraen.
  5. Ein student fotograferer røsslyng på ekskursjon i fjellet. Foto
    Ein student fotograferer røsslyng på ekskursjon i fjellet.
    Fotografer lyngartane, lyngblomar og frukter, og ta eit oversiktsbilete av ruta.
  6. Ta notat, og samle inn eit par eksemplar av kvar lyngart frå ruta.
  7. Registrer òg andre plantar som dominerer i ruta.
  8. Grav eit hòl i jorda inni ruta, og finn ut korleis jordsmonnet er.
    • Er det fuktig eller tørt?
    • Er jordsmonnet djupt eller grunt?
    • Er jordsmonnet likt i heile ruta?
    • Er det mykje stein?
  9. Kor vindutsett er området?

Til ekskursjonsrapporten

  • Forklar metoden du brukte for å undersøkje lyngvegetasjonen.
  • Presenter dei ulike artane av lyng du fann, og sei korleis dei dominerte ruta. Samsvarte funna med det du hadde forventa?
  • Vis bilete av dei ulike lyngartane, og lag ein kort omtale av desse basert på observasjonane dine og på opplysningar du finn i andre kjelder (hugs kjeldetilvisingar).
  • Prøv å knytte veksten av lyng til jordsmonnet og grad av eksponering.
  • Presenter resultata for klassen.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet