På ein ekskursjon i fjellet vil du raskt sjå at det veks mykje bjørk her. Den av og til så krokete fjellbjørka er ein underart av vanleg bjørk, medan dvergbjørka er ein eigen art som er krypande og buskforma. I denne oppgåva skal du prøve å finne krysningar (hybridar) mellom dei to artane.
Føremål
I denne oppgåva skal du prøve å finne krysningar (hybridar) mellom fjellbjørk og dvergbjørk.
Bjørkeartar
I Norge har vi tre bjørkeartar:
- vanleg bjørk
- hengjebjørk
- dvergbjørk
Vanleg bjørk (Betula pubsecens) har to underartar: dunbjørk (Betula pubescens pubescens), som veks til store tre i låglandet, og fjellbjørk (Betula pubescens tortuosa) som veks på fjellet.
Fjellbjørk

Fjellbjørka har stivare og glattare blad enn dunbjørka, og blada har kraftige tenner langs bladkanten. Om hausten blir blada til fjellbjørka gule. Fjellbjørka er vakker med rett, kritkvit stamme og ei regelmessig krone når ho veks i god jord slik som på setervollar, medan stammen og trekrona blir krokete i bratte lier med mykje vind og stort snøfall. I Noreg er fjellbjørka registrert heilt opp til 1580 moh., og ho dannar skoggrensa til høgfjellet.
Dvergbjørk

Dvergbjørka (Betula nana) skil seg kraftig frå fjellbjørka med den buskaktige og krypande veksemåten sin. Blada er små (cirka 1 cm i diameter), stive og har taggete rand. Om hausten blir blada kraftig raude og er svært vakre. Dvergbjørka, som òg blir kalla ”kjerringris”, veks på myrer i låglandet og i store område av fjellet, ofte saman med lyng og vier, men ho toler ikkje eit langvarig dekke av snø
Hybridar
Bjørkene er ikkje trufaste! Dei har ei stor evne til å krysse seg med kvarandre og danne hybridar (krysningar). Sjølv om fjellbjørka og dvergbjørka har ulikt sett med kromosom, dannar dei lett hybridar. Hybridane som veks opp, har ein bladfasong som er ein mellomting mellom fjellbjørk og dvergbjørk. Dei kryssar seg òg tilbake igjen med vanleg bjørk (både med fjellbjørk og dunbjørk), og dette kan vere årsaka til at det berre er svært små genetiske forskjellar mellom artane av bjørk.

Førebuing
Før ekskursjonen må du oppdatere deg på ”hybridar”:
- Korleis blir ordet definert?
- Kva slags hybridar av plantar og dyr frå norsk fauna kan du finne fram til?
Å ha bakgrunnskunnskap om krysningar generelt sett vil gjere det lettare for deg å forstå denne feltoppgåva når du kjem til ekskursjonsområdet.
Utstyr
- kamera/mobil
- GPS/mobil
- skriveunderlag
- linjal eller skyvelære
- flora
- bakgrunnsmateriell om artar og hybridar av bjørk i Noreg
Framgangsmåte
I fjellet har du høve til å sjå hybridisering av bjørk i praksis.
- For å sjå hybriden mellom fjellbjørk og dvergbjørk må du først finne eksemplar av dei to reine artane og sjå korleis blada på desse ser ut.
- Deretter må du leite etter hybridar som vil ha ei form på blada som ligg mellom blada til fjellbjørka og dvergbjørka. Om hausten vil fargen på blada til hybriden vere oransje, altså ein mellomting mellom dei gule blada til fjellbjørka og dei raude haustblada til dvergbjørka.
- Prøv å gjere eit anslag over kor mange bjørkehybridplantar du kan finne.
- Kan du sjå om hybridplantane har spreidd seg i større bestandar?
- Dokumenter funna dine ved å ta bilete og ved å samle inn nokre få kvistar av dei to bjørkeartane og av hybridplantane.
- Ta nærbilete av blada.
- Plukk 40-50 blad av fjellbjørk, dvergbjørk og hybridar frå same området.
- Mål største lengda og breidda på blada, og lag diagram som illustrerer forskjellane. Du kan eventuelt samle blada frå kvar plante i små plastposar og måle seinare, men hugs å merkje materialet!
- Viss du har GPS/Mobil og finn bestandar av bjørkehybridar, kan du notere deg posisjonen til desse.
Til ekskursjonsrapporten
- Lag ei forklaring på kva ein hybrid generelt sett er, gi døme på organismar som dannar hybridar, og ta for deg hybridar av bjørk spesielt.
- Beskriv utsjånaden på hybridplantane du fann, og kor mange plantar eller bestandar av plantar du fann. Presenter dette grafisk, og kommenter resultata du fann då du målte bladlengd og bladbreidd på plantane.
- Bruk Internett og prøv å finne ut meir om hybridar av bjørk (hugs kjeldetilvisingar).
- Illustrer rapporten med bilete du tok på ekskursjonen.
Læringsressursar
Feltarbeid i fjellet
Fagstoff
Om feltarbeid i fjellet
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Beskriving av fjellområdet
Kjernestoff- Kjernestoff
Hybridar av bjørkDu er her
Lyng
KjernestoffObservasjonar av nokre abiotiske faktorar
KjernestoffSnøleie
KjernestoffLav
KjernestoffGradientanalyse på ein rabb
KjernestoffSuksesjon
KjernestoffKarsporeplantar
Kjernestoff