Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjelletChevronRight
  5. Beskriving av fjellområdetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Beskriving av fjellområdet

Når du dreg på ekskursjon, er det viktig å lage ei kort, men nøyaktig beskriving av ekskursjonsområdet. Gjennom denne vil du kunne fortelje andre korleis du opplevde lokaliteten og forholda der. Du vil òg få bruk for notata når du skal forklare korleis organismane du fann er tilpassa miljøet dei lever i.

På ekskursjon i fjellet. Foto

Føremål

I denne oppgåva skal du lage ei kort beskriving av området du skal gjere feltarbeid i.

Bruk kart

Elever samlet rundt kartoppslag i fjellet. Foto
Det er lurt å orientere seg på kartet før og under ekskursjonen i fjellet.

Før klassen dreg på ekskursjon, merkar de av området på eit kart og bereknar kor stor lokaliteten er. Eit godt hjelpemiddel er digitale kart. Eit anna nyttig hjelpemiddel er ein GPS. Med denne kan du finne nøyaktig posisjon, høgd over havet og himmelretningar, og på det digitale kartet kan du lagre posisjonspunkt og seinare plotte løypa du har gått.

Utstyr

  • kart over området, så detaljert som mogleg
  • utskrift av digitale kart
  • kamera eller mobiltelefon
  • GPS (eller mobil)
  • skriveunderlag

Framgangsmåte

Når du kjem fram til ekskursjonsområdet, kan du skrive nokre stikkord om korleis du opplever lokaliteten:

  • Korleis ser det ut rundt deg?
  • Korleis er topografien?
  • Korleis er vegetasjonen? Ser du nokon tre?
  • Synest du at ein eller fleire typar vegetasjon dominerer sterkt?
  • Korleis er vêret? Korleis er temperaturen?
  • Kvar kjem vinden frå? Er det stader det finst ly for vinden?
  • Kan du sjå is og snø? Kan du orientere deg etter kartet?
  • Kan du finne ut nøyaktig kvar du er? Kan du finne himmelretningane (N–S–A–V)?
  • Kor høgt er du over havet? Kva er posisjonen din?
  • Ser du nokon fjellvatn? Korleis ser desse ut?
  • Kan du sjå spor etter menneskeleg aktivitet?

Ta med alt du synest er viktig, men skriv kort. Seinare kan du reinskrive notata til ekskursjonsrapporten. Ta nokre oversiktsbilete, og lag nokre skisser. Desse kjem til å passe godt i ekskursjonsrapporten.

Til ekskursjonsrapporten

  • Ta med alt du fann ut om området, og alle parametrar du registrerte i rapporten din. Pass på å få med eit kartutsnitt og oversiktsbilete.
  • Merk av på kartet kvar klassen gjorde dei ulike feltoppgåvene. Dersom du har brukt GPS og lagra posisjonspunkt i han, kan du plotte løypa og feltstasjonar på eit digitalt kart.
  • Beskriv korleis du ut frå kartet kan tolke terrenget i ekskursjonsområdet.
  • Presenter innhaldet i rapporten for klassen.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet