Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjelletChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Om feltarbeid i fjellet

Etter hvert som vi beveger oss høyere, forandrer landskapet, floraen og faunaen seg. Det blir kaldere og mer værhardt. Store trær blir erstattet av lavtvoksende arter. Lenger opp blir trær og busker erstattet av lavtvoksende gresstuer og lav. Høyest opp er det bare stein og snø tilbake.

Etterkvart som vi beveger oss høgare, forandrar landskapet, floraen og faunaen seg. Det blir kaldare og meir vêrhardt. Store tre blir erstatta av lavtvoksende arter. Lenger opp blir trær og busker erstattet av lavtveksande gresstuer og lav. Høgast opp er det berre stein og snø tilbake.

Fjellandskap. Foto

Fjellet – over tregrensa

”Fjellet” definerer vi vanlegvis som området over tregrensa. ”Tregrensa” er der trea sluttar å vekse fordi vekstforholda er for dårlege, slik som for låg temperatur eller mangel på fukt. Hos oss varierer det mykje kvar tregrensa går, og det er fjellbjørka (saman med rogn, furu og gran) som klatrar høgast opp, og som dannar vegetasjonsgrensa mot fjellet.

Trea veks høgare der det er massive fjell, slik som i Jotunheimen, medan tregrensa søkk når vi nærmar oss havet. I Noreg kan vi grovt sett rekne tregrensa frå 0 til cirka 1200 moh. I delar av Finnmark veks det nesten ikkje tre i det heile, og tregrensa ligg her på tilnærma 0 moh., mens ho i Troms strekkjer seg opp til 100–200 moh. I det sentrale Sør-Noreg (nærmare bestemt i Utladalen i Jotunheimen) kan fjellbjørka vekse så høgt som 1280 moh., men vanlegvis stoppar veksten i denne landsdelen ved 800–1000 moh. Ut mot kysten av Sør-Noreg ligg tregrensa ofte berre på 200–600 moh. Dette betyr at økosystemet ”fjellet” startar svært ulikt, alt avhengig av kvar vi er i landet.

Fjellet delast inn i tre soner

Fjell med noe vegetasjonsdekke. Foto
Lågalpin fjellsone ved Knaben i Vest-Agder. Lyng, torvmyr, små fjellvatn og mange flyttblokker dominerer terrenget.

Lågalpin sone – der skogen sluttar

Der skogen sluttar, begynner fjellet. Like over tregrensa startar den lågalpine sona. Her er plantelivet variert, vi kan finne enkelte spreidde tre, medan dominerande planteartar er krekling, røsslyng, blåbær, grepplyng, tyttebær og ulike vierar. Vi finn vanlegvis mange små og store torvmyrer, tjørn og fjellvatn i denne sona. Sonene strekkjer seg til der samanhengjande blåbærvegetasjon og vierkratt tek slutt. I Sør-Noreg vil det seie opp til om lag 1400 moh., og i Nord-Noreg opp til om lag 900 moh.

Mellomalpin sone – gras og mose dominerer

Fjellandskap. Foto
Mellomalpin fjellsone om lag 1250 moh. på Aurlandsfjellet i Sogn og Fjordane.

Over den lågalpine sona begynner den mellomalpine sona. Her finn vi samanhengjande vegetasjon i form av gras og mose, men myrene, blåbærlyngen og vierkrattet forsvinn. I Sør-Noreg går den mellomalpine sona opp til omtrent 1700 moh.

Høgalpin sone – grått landskap med stein og lav

Høgare opp er den høgalpine sona. Her sluttar den samanhengjande vegetasjonen, og plantane finst berre enkeltvis. I denne sona er det mykje stein og bert fjell som er overvakse av lav, snøen ligg lenge, og landskapet ser grått ut.

Les meir

Det høgaste fjellet

Snødekt fjelltopp. Foto
Det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen, ragar 2469 moh.

Det høgaste fjellet på norsk territorium er Jøkulkyrkja på Dronning Mauds land i Antarktis med sine 3148 moh. Den velkjende Galdhøpiggen er med sine 2469 moh. det høgaste fjellet i Noreg og det høgaste fjellet i Skandinavia og i heile Nord-Europa. Det ligg i Jotunheimen (Lom kommune, Oppland fylke) og er ein del av Jotunheimplatået som utgjer eit fjellplatå i omtrent 2000 meters høgd, og som, i likskap med dei fleste andre fjella i Sør-Noreg, er ein del av den kaledonske fjellkjeda.

Stolen sett ovenfra. Foto
Preikestolen i Lysefjorden i Rogaland ragar omtrent 630 moh. og er eit svært populært utfartspunkt. I 2009 besøkte meir enn 130 000 menneske fjellet.

I den kaledonske fjellkjeda finn vi òg den spektakulære Besseggen som er ein smal fjellrygg mellom det store fjellvatnet Gjende og det mindre Bessvatn. Ein fottur hit om sommaren avslører kor populær den norske fjellheimen er å vandre i. Lenger sør i landet vårt, i Ryfylke i Rogaland, finn vi dei stupbratte klippene Kjærag og Preikestolen, som fell høvesvis 1000 og 640 meter loddrett ned i Lysefjorden.

Ekskursjon til fjellet

Issoleie. Foto
Issoleie (Ranunculus glacialis) er ein av dei plantane som veks høgast oppe i Europa, og kan vekse heilt opp til 4200 moh.

Ein kan bruke eit heilt liv på å utforske fjella våre, og vi er heldige som bur i eit land med eit slikt flott og variert fjellandskap. Dette gir oss eineståande moglegheiter for naturopplevingar, men òg eit stort ansvar for å forvalte den makelause naturen på ein fornuftig måte slik at fjellheimen med alle dei som bur der, og alt livet der blir verna.

Sjølv om fjellet mange gonger kan verke ugjestmildt, er det langt frå livlaust. Her er det tvert om mykje liv! Men for å klare seg må organismane vere tilpassa dei utfordrande miljøforholda fjellet byr på.

Elever gjør undersøkelser i fjellet. Foto
Tre elevar studerer livet i fjellet.

Det er lange, kalde og snørike vintrar, korte somrar og nesten alltid vêrhardt og vindfullt. Det er òg viktig at du som besøkjer fjellet, er godt utrusta. Varme og vindtette klede, ull inst mot kroppen, hue, gode sko, sekk med mat, drikke og ekstra klede må du ha.

Når du dreg på ekskursjon i fjellet, vil du få sjansen til å studere livet her, og ikkje minst korleis plantar og dyr er tilpassa miljøforholda til fjells. Du vil snart oppdage at livet i fjellet er svært forskjellig frå livet i låglandet eller langs kysten, og kanskje vil du sjå kor sårbart livet i fjellet er for menneskelege inngrep?

På dei følgjande sidene presenterer vi forslag til ekskursjonsoppgåver som vi meiner er veleigna for å studere livet og økologien i fjellet.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet