Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
  5. FugleobservasjonarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Fugleobservasjonar

Langs kysten vår finst det eit yrande fugleliv. Somme fuglar, slik som måsar, held til langs kysten heile året, mens andre er trekkfuglar. Under vårtrekket (mars–mai) og hausttrekket (september–oktober) kan artsrikdommen vere spesielt høg, og somme stader er godt eigna som observasjonspostar for fugl.

Havsuler i fuglefjell. Foto
Havsular i Gjesværtrappan

Føremål

I denne oppgåva skal du observere og registrere fuglelivet på ekskursjonsområdet.

Førebuing

Et telt som ser ut som en stein.
Eit kamuflasjetelt for observasjon av fugl er sett opp i Taravika på Karmøy.

Det beste er om de kan lage ein observasjonspost på førehand eit stykke unna der resten av klassen held til, slik at fuglane ikkje blir skremde. Viss skulen disponerer kamuflasjetelt, er det lurt å setje dette opp nokre dagar i førevegen. Hugs løyve frå grunneigaren, og ver merksam på at det kan vere lokale reglar for kvar det er tillate å setje opp slikt utstyr. I vernesoner er det ofte forbode å setje opp telt.

Kva for fugleartar finst?

En tjeld går på tangvaser. Foto
Tjelden ([i]Haematopus ostralegus[/i]) er utbreidd langs heile norskekysten.

På førehand må du setje deg inn i kva for fugleartar som er vanlege langs kysten der du bur. Det kan lønne seg å sjå om eit lokallag av Norsk Ornitologisk Forening (NOF) er aktivt i ditt område. I så fall vil du her kunne få mykje nyttig informasjon. Lag ei lokal artsliste der du kan krysse av artar du observerer.

Utstyr

  • kikkert
  • lite feltteleskop på stativ om mogleg
  • artsliste til avkryssing
  • skriveunderlag
  • fuglebok
  • kamuflasjeutstyr (kamuflasjeduk, kamuflasjetelt, finlandshetter og/eller kamuflasjeklede)

Observasjonstips

  1. Ærfugl på vannet. Foto
    Ærfuglen ([i]Somateria molissima[/i]) er utbreidd langs heile norskekysten. Her ser vi ein hannfugl.
    For å observere fugl må ein ha tolmod, vere godt kamuflert og vere stille.
  2. Vel ein stad der du kan rigge deg til med kamuflasjeutstyr eller gøyme deg i terrenget og samtidig ha godt utsyn over ekskursjonsområdet.
  3. Bruk auga godt, og ta i bruk teleskop og kikkert.
  4. Ligg stille, og registrer fuglelivet gjennom heile dagen.
  5. Kryss av på artslista. Noter kva slags artar som er mest talrike.
  6. Viss du ser fuglar du ikkje kjenner, prøv å slå opp i fugleboka.

Til ekskursjonsrapporten

  • Presenter artslista og eventuelt statistikk over talet på fuglar for klassen.
  • Forklar korleis du var kamuflert.
  • Ta òg med informasjon om eit eventuelt lokallag av NOF.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra