Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
  5. FjørepyttenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Fjørepytten

I ei eksponert fjøre er vêrforholda ofte tøffe, med høge bølgjer som treffer land. Etter ein periode med uvêr samlar sjøvatn seg i små og store dammar langs fjøra. Desse kallar vi "fjørepyttar". På biletet ser du ein relativt stor fjørepytt, som ligg like ved ope hav.

Fjærepytt. Foto

Føremål

I denne oppgåva skal du undersøkje livet i ein fjørepytt. Du skal òg registrere korleis miljøforholda i pytten varierer over tid.

Miljøforhold

Fjørepyttane blir berre fylte med vatn frå bølgjeslag ved uvêr eller når det regnar, og vatnet kan ikkje forsvinne frå pyttane på annan måte enn å fordampe. Mange gonger myldrar fjørepytten av liv, andre gonger er livet sparsamt.

En typisk fjørepytt overgrodd med grønalgar.
Typisk fjørepytt overgrodd med grønalgar.

Miljøforholda i fjørepytten er heilt annleis enn i havet utanfor. Utan påfyll av nytt vatn vil saltinnhaldet auke når det ferske vatnet fordampar. Ved regnvêr vil saltvatnet i fjørepyttane bli fortynna, og saltinnhaldet søkk. Om sommaren blir vatnet i pytten varma opp og held ofte ein langt høgare temperatur enn havet. Vassbevegelsen i pytten er liten, og vatnet er oftast nesten stilleståande samanlikna med havet utanfor.

Utstyr

  • dataloggar
  • datamaskin
  • elektrodar for temperatur, oksygen, pH og saltinnhald
  • termometer
  • finmaska håv
  • plastbakkar
  • målesylinder eller begerglas
  • pinsettar
  • felthandbok over livet i fjøra
  • skriveunderlag
  • kamera/mobil

Framgangsmåte – del 1

Datalogging av miljøforhold i ein fjørepytt

  1. Datalogger. Foto
    MultiLog - ein type dataloggar.
    Før du begynner på denne oppgåva, må du bestemme deg for over kor lang tid du vil registrere miljøvariasjonar. Eitt døgn er eit godt utgangspunkt, men dette betyr at logginga må setjast i gang dagen før klassen skal på ekskursjon. Du kan òg registrere variasjonar over nokre timar.
  2. Det er aktuelt å registrere variasjonar i temperatur, pH, oksygenmengd og saltinnhald – alt avhengig av kva dataloggingsutstyr skolen har. Det er viktig å teste utstyret på førehand og gjere seg kjend med innstillingane til og bruken av dataloggaren. Pass på at elektrodane er riktig kalibrerte. Viss du har tid, kan du logge forholda i to fjørepyttar som ligg i forskjellig avstand frå havet.
  3. Før du startar registreringa, lagar du hypotesar om korleis du trur variasjonane i dei parametrane du testar, vil vere i løpet av testperioden. Skriv ned hypotesane før logginga startar.
  4. Når logginga er ferdig, blir dataa lasta ned til ein datamaskin og behandla vidare derifrå.

Til ekskursjonsrapporten

  • Fortel kva parametrar du valde å overvake i fjørepytten, og grunngi kvifor du valde desse.
  • Lag grafar med tilhøyrande verditabellar for data du har registrert.
  • Studer variasjonane, og kommenter desse.
    • Stemde hypotesane dine?
    • Var variasjonane slik du forventa?
    • Kva kan vere årsaka til variasjonane?
    • Kva har dei å seie for livet i fjørepytten?
    • Er det nokon samanheng mellom målingane dine og mangfaldet (eller mangel på mangfald) av liv i fjørepytten?
  • Presenter resultata og vurderingane dine for klassen.

Framgangsmåte – del 2

Skildring av fjørepytten og undersøking av livet her

  1. Elever gjør undersøkelser i fjæra . Foto
    Bruk ein håv til å samle smådyr i pytten.
    Anslå
    • kor stor fjørepytten er
    • kor mykje vatn han inneheld
    • korleis pytten ser ut.
  2. Beskriv form og plassering av pytten.
  3. Anslå eller mål kor djup pytten er.
  4. Kan du observere noko som kan indikere kor lenge vatnet har stått i pytten?
  5. Fyll ein målesylinder eller eit begerglas med vatn, og beskriv korleis det ser ut på farge, og korleis det luktar. Set sylinderen på eit kvitt underlag for å sjå vassfargen tydeleg.
  6. Beskriv kva for algar og dyr du kan sjå med det blotte auget. Ta bilete.
  7. Mål eller berekn kor langt frå og høgt over havet pytten ligg. Lag ei skisse. Hugs å notere alle observasjonar.
  8. Tanglopper på mørk bakgrunn. Foto
    Tanglopper (amfipodar) er vanlege blant tang og tare i fjøra.
    Hald fram med å bruke ein finmaska håv og fang smådyr i pytten.
  9. Legg dyra i ein plastbakke med vatn frå pytten.
  10. Registrer og noter kor mange ulike artar du fann, og plasser dei i systematiske grupper.
  11. Prøv å artsbestemme nokre av organismane (du vil sannsynlegvis finne flest krepsdyr slik som reker og små amfipodar. Ta bilete.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei skisse, og set denne saman med bilete som viser korleis fjørepytten ser ut, og kvar han ligg i forhold til havet.
  • Sei noko om kor høge bølgjer det må vere for at vatnet i pytten skal fyllast på eller skiftast ut. Kor ofte trur du dette skjer? Vil pytten ofte tørke heilt ut?
  • Reinskriv observasjonane dine, og set desse inn i rapporten.
  • Lag ei liste over dyr og algar i fjørepytten, og plasser organismane i systematiske grupper.
  • Forsøk å setje opp eit næringsnett for pytten – kven et kven i dette vesle og sterkt avgrensa økosystemet?
  • Korleis må organismane som lever her, vere tilpassa for å overleve i dei varierande miljøforholda?
  • Samanlikn observasjonane dine med resultata frå datalogginga ovanfor.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra