Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
  5. VasskvalitetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Vasskvalitet

Livet i havet er tilpassa saltvatn, og livet i fjøra er tilpassa miljøtilhøva der. Vasskvalitet kan bli forklart som dei fysiske og kjemiske parametrane i havet, og inkluderer forhold som siktdjupne, pH, temperatur og saltinnhald.

Bølger slår inn mot steiner i fjæra. Foto

Føremål

I denne oppgåva skal du kartleggje vasstilhøva både i overflata og lengre nede i vassmassane i ekskursjonsområdet ditt.

Innleiing

Næringstilhøva endrar seg gjennom året, både gjennom naturlege svingingar og som eit resultat av menneskeleg aktivitet. Næringsrikt vatn frå djuphava blir tilført overflatevatnet om våren og hausten, og avrenning av næringsrikt ferskvatn frå jordbruksområde kan òg tilføre næring. Variasjonar i næringsinnhaldet vil ein ofte kunne observere som variasjonar i planktonsamansetjinga, noko som igjen påverkar vassfargen og siktdjupna.

Auka konsentrasjon av karbondioksid i atmosfæren vil føre til at mengda kolsyre i havet aukar, som igjen fører til at pH-verdien i havet søkk. Det kan ha dramatiske konsekvensar for planktonorganismar og for næringskjedene. Overvaking av vasskvaliteten er sentralt i miljøsamanheng.

Utstyr

  • Densimeter i vann. Foto
    Tettleiken til vatnet kan målast med eit densimeter.
    vasshentar
  • plastflasker og (plast)glass med skrukork
  • pH-meter eller pH-sticks
  • termometer
  • densimeter (til måling av salthaldigheit)
  • to målesylindrar (1000 ml)
  • sikteskive (rund kvit skive med diameter på 30 cm, festa i tau eller vire med merker for kvar meter)
  • skriveunderlag
  • kvit plastduk
  • 1 liter destillert vatn
  • eventuelt båt

Framgangsmåte

Vasstemperatur

  1. Vannhenter. Foto
    Vasshentar
    Bruk termometer og mål temperaturen til overflatevatnet. Noter resultatet.
  2. Bruk vasshentaren og hent ein vassprøve frå litt djupare vatn, om lag 5 meter ned. Mål temperaturen i prøven. Noter resultatet.
  3. Ta vare på litt av vassprøven i eit plastglas som du fyller heilt fullt og lukkar med tett lok. Merk glaset.
  4. Hent ein prøve frå endå større djupne, for eksempel frå 10 eller 15 meter, og mål temperaturen. Noter resultatet.
  5. Ta vare på litt av vassprøven i eit plastglas som du fyller heilt fullt og lukkar med tett lok. Merk glaset.

pH

pH-meter
pH-meter

For å måle pH-verdien treng du eit elektronisk pH-meter. Elektroden må på førehand vere nøyaktig kalibrert, og du må ha lært å bruke apparatet.


  1. Mål først pH-verdien i overflata. Lat verdien stabilisere seg før du noterer resultatet.
  2. Gjer målinga på nytt i ein ny vassprøve for å kontrollere.
  3. Bruk deretter vassprøvane du henta i temperaturmålinga. Skyl elektroden med litt av vatnet frå prøven, og mål så pH-verdien. Lat verdien stabilisere seg før du noterer resultatet.
  4. Gjer same målinga for alle vassprøvane du har samla, og ta to parallelle målingar av kvar prøve.

Saltinnhald

Saltinnhald er vanskeleg å måle og kan målast på fleire måtar. Viss skulen har ein leiingsevnemålar med nøyaktig elektrode, kan saltinnhaldet målast elektronisk. Vanlegvis brukar ein eit ”densimeter” og målar den spesifikke vekta av saltvatnet.

Les meir

Densimeteret er laga av glas og har ein skala som viser eigenvekt (oftast i gram/cm3). Destillert vatn vil ha ei eigenvekt på 1,000 g/cm3, mens sjøvatn med eit saltinnhald på 35 promille er tyngre og vil ha ei eigenvekt på 1,023 g/cm3 (ved 25 °C). Tettleiken er avhengig av temperatur, og måleresultatet må reknast om til saltinnhald (promille) ved hjelp av ein omrekningstabell.


  1. Fyll målesylinderen med éin liter vatn.
  2. Mål først temperaturen på vatnet nøyaktig, og noter.
  3. La densimeteret flyte i målesylinderen, og les av eigenvekta til vatnet nøyaktig på skalaen. Noter.
  4. Gjer dette med vassprøvar frå overflata og frå andre djupner for å kunne samanlikne.

Vassfarge

Fargen på sjøvatn er avhengig av miljøforholda. Om våren og hausten, når oppbløminga av planteplankton er på det høgaste, kan vatnet vere grønt eller brunt, mens det om vinteren ofte er krystallklart.

  1. Fyll ein blank målesylinder eller eit begerglas med sjøvatn og set dette oppå eit kvitt underlag.
  2. Fyll ein annan, lik målesylinder (eller begerglas) med destillert vatn. Gransk målesylindrane ovanfrå slik at du ser gjennom vatnet.
  3. Skildre fargen på sjøvatnet når du samanliknar med fargen på det destillerte vatnet. Ta bilete, eller skildre.
  4. Gjer det same med vassprøvar henta frå eitt eller fleire andre djupner.
Sikteskive. Foto
Sikteskive

Ein annan måte å registrere vassfarge på er å bruke ei sikteskive:

  1. Senke sikteskiva til ho forsvinn.
  2. Registrer kor djupt dette er, og hal skiva halvvegs opp til overflata. Fargen vatnet har over sikteskiva no, kan brukast som eit godt mål på vassfarge.

Siktedjupn

Når du skal måle siktedjupn, er du avhengig av å vere ein stad der det er ganske djupt, helst djupare enn 15 meter.

  1. Bruk ei 30 cm kvit skive som er fest på eit tau eller vire. Tauet har knutar for kvar meter og eit lodd i enden under skiva.
  2. Senk skiva ned i vatnet heilt til ho akkurat forsvinn, og trekk ho så litt opp til du så vidt kan sjå ho. Talet på meter du har senka tauet, er lik siktedjupna

Til ekskursjonsrapporten

Vasstemperatur

  1. Korleis var forskjellane i temperatur når du gjekk djupare ned?
  2. Framstill resultatet grafisk.
  3. Stemte resultata med det du hadde venta?

pH

  1. Kva viste måleresultata dine?
  2. Var det nokon forskjell på pH-verdien ved overflata samanlikna med djupare nede?
  3. Kvifor har sjøvatn etter teorien tilnærma lik pH-verdi overalt?
  4. Korleis har pH-verdien i havet utvikla seg gjennom dei siste tiåra?
  5. Kva samanheng er det mellom CO2-konsentrasjonen i atmosfæren, oppløyst CO2 i havet og pH-verdien i havet?
  6. Kvifor er planktonorganismar med kalkskal sårbare dersom pH-verdien i havet søkk?

Saltinnhald

  1. Kva for eigenvekter målte du på dei forskjellige vassdjupnene?
  2. Vis korleis du bruker tabell for å rekne om til saltinnhald i promille.
  3. Noter eigenvekt, temperatur og saltinnhald i ein tabell, og framstill resultata grafisk.
  4. Kan du finne ut kva det gjennomsnittlege saltinnhaldet i havet er?

Vassfarge

  1. Skildre vassfargane ved ulike djupner, og illustrer med eventuelle bilete du tok.
  2. Kva meiner du er årsaka til at vatnet er farga eller ikkje?

Siktedjupn

  1. Forklar kva vi meiner med siktedjupn, og korleis vi kan måle dette, og presenter resultatet av målingane for klassen din.
  2. Kva kan vere årsakene til at vatnet er misfarga eller svært klart?
  3. Kva har siktedjupna å seie for livet i havet?

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra