Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
  5. To spesielle dyr øvst i strandsonaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

To spesielle dyr øvst i strandsona

I den eksponerte fjæra kan vi finne noen ganske spesielle dyr som lever like over vannkanten, nemlig strandskrukketrollet og to arter av steinsprett.

I den eksponerte fjøra kan vi finne nokon ganske spesielle dyr som lever like over vasskanten, nemleg strandskrukketrollet og to artar av steinsprett.

Nærbilde av strandskrukketroll. Foto
Strandskrukketroll ([i]Ligia oceanica[/i])

Føremål

Undersøk strandskrukketroll og steinsprett og miljøa dei lever i.

Strandskrukketroll – eit krepsdyr på land

Jente letter etter dyr i fjæra. Foto
På leiting etter strandskrukketroll

Skrukketroll er krepsdyr og nære slektningar av dei vanlege tanglusene og tangloppene vi finn innimellom tang og tare i fjøra. Skrukketrolla lever derimot på land, noko som er sjeldan for krepsdyr, som for det meste lever i havet.

Strandskrukketrollet er større enn kjellarskrukketrollet, og kan bli heile 30 mm langt. Det landlevande krepsdyret liker seg i mørke og fuktige omgivnader, og held til under steinar og i fuktige sprekkar frå øvst i strandsona og litt inn på land. Dersom strandskrukketrollet blir skremt og må beskytte seg, kan det flykte ned i vatnet.

Steinsprett – urinsekt som er vanskelrg å fange

Steinsprett. Foto
Steinsprett

Steinsprett er ”urinsekt” eller svært primitive insekt som høyrer til ordenen Thysanura. Dei har ein avlang kropp med tre trådforma antenner på bakkroppen. Akkurat som strandskrukketrollet lever dei i vasskanten, der dei held til på skuggefulle stader. Dei er vanlege å sjå på svaberg og ikkje minst i gamle båtnaust. Lette å fange er dei ikkje, men kanskje du klarer det?

Førebuing

Det er viktig at du førebur deg ved å finne informasjon om skrukketroll og primitive insekt generelt og om strandskrukketroll og steinsprett spesielt før ekskursjonen startar. Finn opplysningar om utbreiinga og om systematikken til gruppa. Finn ut kva strandskrukketrolla og steinsprettane lever av, og korleis dei formeirar seg.

Utstyr

  • plastboksar eller flasker med lokk
  • pinsett
  • skriveunderlag
  • kamera/mobil

Framgangsmåte

  1. Strandskrukketroll. Foto
    Strandskrukketroll
    For å finne strandskrukketrollet må du snu på steinar og vere lynande rask! Finn du den riktige staden, kan det under éin stein vere mange individ. Så fort dei kjem ut i lyset, vil dei flykte. Klarer du å fange nokre for å studere dei?
  2. Dyr som du samlar inn, kan du avlive svært humant ved å leggje dei på eit plastglas i fryseboksen over natta, då sovnar dei roleg inn. Dersom du ikkje skal bruke dyra i laboratoriet seinare, passar du på å sleppe dei uskadde tilbake i det miljøet du fanga dei.

Til ekskursjonsrapporten

  • Ta til med ei oppsummering av faktaopplysningane du fann fram til før ekskursjonen.
  • Beskriv mikromiljøet der du fann dyra i strandsonene.
  • Dersom du har samla inn nokon dyr, kan du ta bilete av dei, setje dei på ei nål eller fiksere dei på 75 prosent sprit og eventuelt sjå på dei i ei stereolupe.
  • Lag ei skildring av dyra. Legg vekt på å skildre korleis dyra er tilpassa miljøet dei lever i.
  • Kvifor gøymer dyra seg under steinar?

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra