Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Tidvatn

Tidvatn kjem av at månen og sola trekkjer på vatnet på jorda med tyngdekrafta si. Tidvatnet varierer mykje langs kysten vår. Mens tidvassforskjellen er nesten null i Sørvest-Noreg, er han fleire meter i nord. Når tidvatnet er på det høgaste, blir det kalla "flo", mens lågvatn blir kalla "fjøre".

Fallferdig brygge i fjæra. Foto
Lågvatn på Lauvsnes i Flatanger, Trøndelag.

Føremål

I dette feltarbeidet skal du undersøkje korleis tidvatnet endrar seg i ein viss periode. Du skal også registere kva for organismar du finn i tidvassona.

Utstyr

Framgangsmåte

  1. Sneglehus på stein. Foto
    Organismane som lever høgt oppe i fjøresona, blir tørrlagde ved kvar lågvassperiode. Dette gjer at organismane står i fare for å tørke ut eller bli forgifta av sine eigne avfallsstoff. På biletet ser vi to albogesniglar, fjørerur og blæretang. I tillegg ser vi at steinane er dekte av grønalgen "grøndusk".
    Bruk ein stor linjal som tidvassmålaren. Fest tidvassmålaren til ein bryggjepåle eller i botnen. Lengda linjalen må ha, må vere tilpassa tidvassforskjellane i ditt område.
  2. Monter tidvassmålaren slik at du med jamne mellomrom kan lese av korleis vasstanden beveger seg. Hugs at du må vite kvar vasstanden er i forhold til låg- og høgvatn når du startar målingane. For å rekne ut tidvatnet der du bur, kan du bruke tidvasstabell frå Statens Kartverk.
  3. Les av vasstanden ved starttidspunktet og med jamne mellomrom heile dagen, til dømes kvar halvtime. Lag ein tabell, og noter klokkeslett og vasstand som +cm eller –cm i forhold til ”nullpunktet” (då du starta).
  4. Mellom målingane kan de undersøkje tidvassona i ekskursjonsområdet og finne typiske organismar som lever i denne sona.
  5. Lag ei artsliste og ein skala (t.d. frå 1 til 5) som seier kor talrike organismane er. Ta bilete av nokon av organismane du finn.

Til ekskursjonsrapporten

  • Stemde målingane dine med det tidvassutrekninga viste?
  • Dersom dei ikkje gjorde det, korleis var avviket, og kvifor trur du det blei slik?
  • Kor mykje endra vasstanden seg i perioden du målte?
  • Kva har tidvatnet å seie for livet i fjøra?
  • Kva organismar fann du i tidvassona?
  • Var det nokon artar som dominerte kraftig?

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra