Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
  5. Skildring av fjørelokalitetenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Skildring av fjørelokaliteten

Når du dreg på ekskursjon, er det viktig å lage ei kort, men likevel nøyaktig skildring av ekskursjonsområdet (lokaliteten). Gjennom denne vil du kunne fortelje andre korleis du opplevde lokaliteten og forholda der. Du vil òg få bruk for notata når du skal forklare korleis organismane du fann, er tilpassa miljøet dei lever i.

Fjære. Foto
Eksponert fjære mot sør-vest ved Hidra i Vest-Agder.

Føremål

Lag ei kort skildring av mijløforhold og organismar i ekskursjonsområdet

Førebuing

Merk av området på eit kart, og finn ut kor stort det er. Bruk gjerne digitale kart ( Kart i skolen). Dette kan ofte gjerast før klassen dreg på ekskursjon.

Utstyr

  • kart over ekskursjonsområdet
  • kamera
  • skriveunderlag
  • skrivesaker

Registreringer

Elever gjør undersøkelser i fjæra . Foto

Når du er framme på lokaliteten, er det lurt å først skrive nokre stikkord om korleis du opplever området:

  1. Korleis er vêrforholda?
  2. Er det mykje bølgjer?
  3. Kvar kjem vinden frå?
  4. Frå kva retning er området mest eksponert for bølgjer og vind?
  5. Korleis ser det ut der land og hav møtest?
  6. Er alle delar av lokaliteten like kraftig eksponerte for bølgjer?
  7. Kjenner du nokon spesielle lukter?
  8. Ser du nokon levande organismar ved første augekast?
  9. Har vatnet ein særeigen farge?

Få med alt du synest er viktig. Seinare kan du reinskrive notata til ekskursjonsrapporten. Ta bilete av området. Du kan òg lage nokre skisser om du vil. Illustrasjonane blir fine å bruke i ekskursjonsrapporten seinare.

Belte av rur i fjæra. Foto
Belte av rur i fjæresona.

Prøv deretter å beskrive kva som særpregar ekskursjonsområdet:


  1. Er delar av området meir skjerma enn andre, og kan dette ha noko å seie for kva som lever her?
  2. Sjå særleg etter iaugefallande organismar, slike som du legg merke til med det same. Det kan vere belte av skjel og rur langs vasskanten eller flokkar med fugl i området.
  3. Ta òg med korleis området blir brukt i dag: Er det ei vernesone eller eit mykje brukt friluftsområde?

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei så grundig beskriving av ekskursjonsområdet som mogleg, der du knyter saman kart, bilete og notata dine.
  • Ei anna moglegheit er å lage eit interaktivt kart der ein kan klikke på kartpunkt i ekskursjonsområdet og slik bli ført vidare til nærbilete og beskrivingar av ulike habitat.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra