Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
  5. PlanktonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Plankton

Plankton er små organismar som lever i vatn, og som driv med vasstraumen. Det finst dyreplankton og planteplankton, og alle desse planktonorganismane er viktig føde for andre organismar både i havet og i ferskvatn. Planteplankton i havet er dessutan dei viktigaste produsentane av oksygen på jorda.


Føremål

I denne oppgåva skal du samle inn plankton.

Plankton driv med straumen

Sjølv om dei fleste planktonorganismar kan symje eller røre seg på annan måte, klarer dei ikkje å overvinne strøymingar i vatnet, og dei driv derfor ukontrollert av stad med straumen.

Planktonoppblomstring

Planteplankton er marine nøkkelorganismar og er utbreidde i alle hav. Gruppa blir òg kalla fytoplankton, og algecellene varierer i storleik frå om lag 2 til 200 µm (1 µm = 0,000001 m = 0,001 mm).

Algane bruker sollys, vatn og oppløyst karbondioksid til fotosyntesen, men er òg avhengige av næringsstoff som blir tilførte frå djuphava. Når lysstyrken aukar om våren og havet har fått tilført næring frå djupare område, startar planteplanktonet primærproduksjonen og aukar kraftig i tal. Havet kan bli misfarga av dei enorme mengdene av ørsmå planteceller som blir danna.

I næringsrike hav, slik som i Nordsjøen, har vi årlege oppblomstringar av planteplankton om våren og om hausten, slik som figuren viser. I tropiske hav, som er relativt næringsfattige, manglar sykliske oppblomstringar av planteplankton.

Planteplankton er i sin tur næring for dyreplankton (zooplankton), som vanlegvis aukar i tal nokre veker etter at planteplanktonet har nådd maksimumet sitt. Både plante- og dyreplankton er svært viktige næringsorganismar for fiskeyngel og andre organismar i havet. Utan plankton hadde ikkje næringsnetta i havet fungert. Marine planteplankton er dessutan dei viktigaste produsentane av oksygen på jorda.

Utstyr

  • planktonhåv
  • planktonsilar (silsett)
  • plastbakkar/plastflasker
  • spruteflaske med vatn
  • bestemmingslitteratur eller bestemmingsduk
  • eventuelt båt

Framgangsmåte

Planktonhåv. Foto
Planktonhåven er laga av svært finmaska nett og har ein sil montert i enden. Storleiken på hòla i sila bestemmer kor store dei minste planktoncellene som blir samla inn, blir.

Kor mykje plankton som heile tida finst langs kysten vår, avheng mellom anna av årstid og vêrforhold.

  1. For å samle inn plankton bruker du ein planktonhåv som blir taua etter ein båt eller trekt frå land.
  2. Tauet som planktonhåven heng i, bør vere minst 20 meter, gjerne endå lengre. Pass på at du fester tauet i båten eller har ein dobbe i enden av tauet, slik at du ikkje mister håven. Dersom de ikkje bruker båt, kan håven alternativt trekkjast over ei bukt eller frå ei bryggje inn mot land. Pass òg på at håven blir taua langsamt og jamt, helst i område der vêr og vind har pressa plankton mot land, slik som inne i ei bukt med svak pålandsvind.
  3. Tau håven i 5–10 minutt før de halar han opp.
  4. Når tauinga er unnagjort, vrengjer de håven, og tømmer silen (eventuelt skyl han) ned i ein plastbehaldar eller plastbakke.
  5. Gjenta innsamlinga fleire gonger dersom du ikkje får mykje plankton i første trekket.
  6. Studer planktonprøvane med lupe. Det kan vere lurt å sile prøven gjennom eit silsett som sorterer cellene etter storleiken. Deretter kan prøvane fikserast på sprit slik at dei seinare kan studerast i klasserommet.
  7. Identifiser kva for systematiske klassar planteplanktonet høyrer til, slik som kiselalgar, grønalgar og flagellatar. Prøv å identifisere somme av planktonorganismane.

Til ekskursjonsrapporten

  • Beskriv planktonhåven og metoden de brukte for å samle inn plankton.
  • Beskriv området de samla inn prøvar frå, og få med vindretning, vindstyrke og farge på vatnet.
  • Lag ei liste over dei planktongruppene de klarte å identifisere. Kan de finne ut noko om storleiken på somme av planktonorganismane?
  • Prøv å setje planteplankton inn i eit teoretisk og forenkla næringsnett.

Ta mikroskopbilete med mobiltelefonen

  • Vannprøve med mye plankton. Foto.
    En planktonprøve fra havet sett gjennom mikroskop. På bildet ser du mange små krepsdyr, larver av krepsdyr og encellede alger.
    Ved å halde mobiltelefonen eller eit digitalkamera i høveleg avstand frå okularet på mikroskopet kan du ta skarpe bilete.
  • For å fiksere avstanden kan du bruke ein dorull eller liknande. Prøv deg fram for å finne den rette avstanden.
  • Somme mobiltelefonar har usb-inngang som gjer det mogleg å vise mikroskopbileta direkte på pc eller projektor. Ta bilete av skjermen og lim inn i rapporten.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra