1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
  5. Om feltarbeid i eksponert fjøreChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Om feltarbeid i eksponert fjøre

"Eksponert fjøre" er den ytste delen av fjøra som ligg nærast ope hav, og som er utsett for varierande påverknad frå havet omkring. Langs den lange kysten vår har vi eit utal av habitat som kan passe inn i definisjonen av uttrykket.

Fjære ut mot havet. Foto
Eksponert fjøre frå Hidra i Vest-Agder.

Vatnet sine rørsler formar fjøra

Av og til er det storm, av og til stille. Kraftige bølgjeslag vil skape sterk vassrørsle som i ekstreme tilfelle kan kaste store steinar frå botnen og opp på land. I tillegg til at isen i siste istida polerte svaberga, har tusenvis av år med bølgjeslag og avrenning vore med på å gjere svaberga glattskura. Somme stader stuper berget rett i sjøen, mens andre stader strekkjer flate svaberg seg ut i havet.

Store variasjonar

Rullesteinstrand ved Brusand på Jæren.
Rullesteinsfjøre ved Brusand på Jæren.

På Jæren dannar rullesteinsstranda eller sandstranda grensa mellom land og storhav, mens i Trøndelag og mange andre stader er kysten oversådd av tusenvis av holmar og skjer som lunar og vernar. Tidvassforskjellen er metervis i nord, mens det i sør omtrent ikkje finst tidvassforskjellar. Årstidsvariasjonane er store, og det same er dei geografiske forskjellane. Ein haustdag ved Stad opplevast annleis enn den tilsvarande dagen ved Oslofjorden.

Tilpassingar til tøffe forhold

Tang og tare vokser på en stein helt ytters i fjæra ved Hidra i Vest-Agder.
Fingertare og krusflik veks på ein stein heilt ytst i fjøra.

Organismane som lever i den eksponerte fjøra, må vere tilpassa tøffe forhold. Tang og tare må kunne halde seg fast sjølv under dei kraftigaste stormane, og dyr som ikkje kan flykte til djupare vatn, må finne vern. Eit av dei viktigaste måla med å dra på ekskursjon til ”eksponert fjøre” er nettopp å observere og lære om kva tilpassingar organismane som lever her, har fått til det å leve i eksponerte miljø.

Stort biomangfald

Måkefugl på stein. Foto
Svartbak (Larus marinus) er den største måsearten vår.

Fjøra er levestaden for svært mange organismar. Det biologiske mangfaldet i fjøresona er stort, og ein ekskursjon hit gir deg høve til å sjå mangfaldet på nært hald og identifisere mange ulike systematiske grupper.

Eit anna hovudmål er at du skal lære litt om korleis fjøra ser ut der du bur, kva artar som lever hos deg, og korleis du kan bruke praktiske oppgåver for å undersøkje dette økosystemet.

To godt kamuflerte måseungar.
Når ein går fjæra, må ein trø varsamt. Her ligg to fiskesåkeungar godt kamuflert mellom steinar. Pass på!

I mange lokalsamfunn langs kysten vår har menneska utnytta fjøra og ressursane som finst her.

I mange område er delar av fjøresona verna av ulike årsaker, til dømes som fuglefredingsområde i hekketida. Det er viktig å vere merksam på det når ein dreg på ekskursjon, og ikkje minst sjå korleis fjøra blir brukt og verna i dag.

Føre- og etterarbeid

Ein ekskursjon krev både føre- og etterarbeid. På desse sidene finn du forslag til ekskursjonsoppgåver og tips til kva dei enkelte oppgåvene kan innehalde. Det er sjølvsagt nødvendig at du tilpassar feltoppgåvene til dei lokale forholda du møter i fjøra der du bur.

Elever har matpause i fjæra. Foto
På ekskursjon til eksponert fjøre ved Tele i Vest-Agder ein stormfull haustdag.

Det er òg svært viktig at du tenkjer tryggleik når du skal opphalde deg i eksponert fjøre. Svaberga er ofte svært glatte, og bølgjene kan vere store. Hamnar du i sjøen, kan du vere ille ute! Pass på at de er godt førebudde når det gjeld klede og tryggingsutstyr, og ver alltid minst to elevar saman om ei oppgåve.

Du finn òg forslag til kva ekskursjonsrapporten kan innehalde. Gjennom ein god ekskursjonsrapport vil du lære mykje om livet i den eksponerte fjøra, og som klasse kan de fortelje andre kva de fann ut og opplevde gjennom ekskursjonen. Ta deg tid til, og bruk krefter på, etterarbeidet, då blir læringa den beste.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra