Desse oppgåvene skal få deg til å reflektere over korleis du og medelevane dine kan lage gode feltrapportar. Her får du trening i å vurdere hypotesar og feilkjelder. Du får også trening i å vurdere og velje best mogleg presentasjon av observasjonsdata.
Alf Jacob Nilsen (CC BY-SA)Sist oppdatert 17.06.2019
Dokumentasjon om vasskvalitet
Tenk deg at du er på feltarbeid i fjøra og skal undersøkje vasskvaliteten.
På sida blir det gitt seks ulike feltoppgåver om vasskvalitet. Vel to av desse oppgåvene og diskuter ulike hypotesar som kan stillast til desse. Kva må de tenkje på når de formulerer hypotesar?
Tenk deg at du gjer målingar av surleiksgraden (pH) i havet på feltlokaliteten og får resultata som står i tabellen under.
Diskuter korleis de best kan vise resultata grafisk i ein feltrapport, og korleis de kan formulere ulike tolkingar av målingane. Drøft òg kva feilkjelder desse målingane kan ha, og korleis de ville forklart klassen kva pH er, under ein tenkt presentasjon av feltrapporten. Kva illustrasjonar ville vere viktige å bruke til dette avsnittet i rapporten?
Djupn
pH
Prøve 1
Prøve 2
Prøve 3
Prøve 1
Prøve 2
Prøve 3
Prøve 1
Prøve 2
Prøve 3
Overflate
7,2
7,5
7,6
-
-
-
-
-
-
1 m
-
-
-
7,9
8,0
7,2
-
-
-
10 m
-
-
-
-
-
-
8,2
8,0
8,3
Dokumentasjon av fugleobservasjonar
Fugleobservasjoner ved hjelp av teleskop.
Fugleobservasjonar er ei feltoppgåve om observasjon av fugl ved eksponert fjøre. Tenk deg at du og resten av gruppa di har observert fuglar ein heil dag då de var på feltarbeid, og at de har teke notat frå kamuflasjeteltet. (sjå tabell).
Drøft i gruppa korleis de kan arbeide med desse resultata, og korleis de kunne presentert observasjonane i feltrapporten. Kva illustrasjonar ville de brukt, og kva framferder hos fuglane ville de særleg lagt vekt på å forklare?
Tidspunkt (ca.)
Art
Observert tal og framferd
08.00
Svartbak
8 stk., aktive, åt fisk på land
08.00
Fiskemåse (?)
Mange, minst 20, hylte og skreik, i flukt
08.40
Mink (!)
Skremte alle måsane, sumde langs land
09.15
Ein flokk ender, stokkender?
Fløy hurtig over bukta, ca. 15 stk.
10.05
Småfuglar (lerker?)
4–5 stk., åt i taren som låg langs stranda. Vi ser desse gjennom heile ettermiddagen, av og til éin, andre gonger 3–4 stk. Dei liker seg her.
11.00
Matpause i teltet
Kari har makrell i tomat på brødskiva.
12.15
Lakseand
Eit par, flotte! Hann og hunn, dykkar etter mat
12.25
Ein falk (vandrefalk)
Flaug hurtig over bukta, lakseendene flaug av stad.
14.10
Svartbak
2 stk., sette seg på skjeret, den eine står på eitt bein! Dovne fuglar.
14.15
Falken kom tilbake
Fløy hurtig over bukta, måsene stakk av.
14.30
Ærfugl
6 stk. 4 hannar, 2 hoer. Dykker. Hva et dei? Sym over bukta, forsvinn bak odden.
15.10
Ein sjark kjem mot land, ein haug med måsar følgjer etter
Måsane skrik og plukkar opp fiskeavfall.
15.30
Måsar, fiskemåsar, svartbak, gråmåse, sildemåse?
Mange, minst 50, fleire artar. Ein har gule bein og svarte vengjer. Ligg på vatnet i bukta, nokre sit på skjeret. Lagar mykje lyd. For et måseliv!
16.10
Falken kom endå ein gong
Flaug hurtig over bukta, måsane letta og hylte som besette.
16.30
Nå gidd vi ikkje meir
Reglar for bruk av bildet
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan berre dele innhaldet med same lisens som det opphavlege innhaldet.