Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid – for- og etterarbeidChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Generasjonsveksling hos sisselrot

Læreplanen seier at du skal gjera greie for hovudtrekk hos formering hos plantar. Gjennom denne elevøvinga vil du kunna studera generasjonsveksling hos ein bregne og følgja formeringssyklusen gjennom nesten eit heilt år.

Bakgrunn

Mange sporeplantar har generasjonsveksling som betyr at dei gjennomgår ein årleg formeiringssyklus som vekslar mellom ein ukjønna og ein kjønna fase. Bregnen sisselrot (Polypodium vulgare) er eit typisk eksempel. Sporofytten (sjølve bregnebladet) er diploid og produserer sporar som blir spreidde med vinden.

Sporane veks opp til ein liten haploid plante vi kallar forkime. Dette er gametofytten som utviklar kjønnsceller. Sædcellene frå ein plante sym til eggceller på ein annan plante, og det skjer ei befruktning. Frå zygoten veks det opp ein ny sporofytt som vil danne sporar, formeiringssyklusen er komplett.

Start i august – september

Sisselrot er utbreidd over heile landet og kan relativt lett dyrkast i klasserommet med tanke på å studere livssyklusen til arten. Det er det du skal gjere i denne elevøvinga. Det er lurt å starte denne øvinga like etter at skulen har starta. I august eller september er sporehusa på sporofytten til sisselrota vanlegvis fulle av sporar, og dette er avgjerande for om du skal lykkast med øvinga eller ikkje. Det er vanlegvis nok å starte ein felles kultur for heile klassen. Øvinga held fram heilt til våren, og du skal gjere observasjonar av kulturen med jamne mellomrom.

Sporehus fra sisselrot. Foto.
Sporehus sit i tette hopar (klasar) på undersida av blada til sisselrota.

Dette utstyret treng du:

  • nokre sporofyttar (blad) av sisselrot med tydelege sporehus
  • blomejord
  • plastbakkar
  • plastfolie eller blanke plastark
  • lampe
  • tidsur
  • dusjsprøyte til vatning
  • digitalt kamera

Metode

  1. Start med å samle inn nokre blad av sisselrot som du er heilt sikker på har sporehus fulle av sporar. Undersøk blada under lupe for å fastslå dette.
  2. Sisselrotkultur. Foto.
    Her er det klart til sporesåing.

    Fyll ein plastbakke med blomejord. Legg blada med sporehusa ned oppå jorda. Set lys over plastbakken nær blada, og la lyset skine heile døgnet slik at blada tørkar. La plastbakken stå heilt roleg slik at sporane ikkje fyk av stad (om nødvendig kan du lage vegger av papp rundt kulturen).

  3. Etter nokre dagar vil du sjå at blada har tørka og rulla seg saman. Hald blada i stilken, og dunk dei forsiktig mot handflata. No drys sporane ned på blomejorda. Når du har sådd sporane, fjernar du blada.
  4. Dusj vatn forsiktig over kulturen, og dekk til plastbakken med plastfolie, men la det vere litt lufting. Lys på kulturen med lampa 12–14 timar i døgnet ved hjelp av tidsuret. Pass på at kulturen ikkje tørkar ut, sprøyt på vatn med nødvendige mellomrom. No vil sporane begynne å utvikle seg og etter kvart vekse opp til gametofyttar.
  5. Når gametofyttane er synlege, er det viktig at du held miljøet fuktig slik at hanngametane kan symje til eggcellene. Kulturen skal vere fuktig, men ikkje søkkvåt. Dusj forsiktig med nødvendige mellomrom.

Observasjonar og logg

Forkime i nærbilde. Foto.
Forkime i nærbilete.

Lag ein plan for å observere kulturen. Bruk ein eller ein halv skoletime til å observere kulturen med jamne mellomrom gjennom haust- og vårhalvåret. Lag din eigen logg frå observasjonane, ta bilete, og ver nøyaktig med beskrivingane.

Pass på at du held orden på datoane når du observerer. Ta med endringar som har skjedd sidan sist, og beskrivingar av korleis heile kulturen og dei enkelte plantane ser ut. Prøv å gi opp størrelsesforhold. Ein nøyaktig logg og gode bilete vil vere til stor nytte når du skal skrive den endelege rapporten frå øvinga.

Til å begynne med ser kulturen ”daud” ut, men etter kvart vil du sjå ørsmå forkimar som veks som eit grønt teppe i plastbakken. Forkimane veks til ein diameter på omtrent 1–2 cm. Snart ser du at små sporofyttar veks opp frå forkimane, og då veit du at befruktninga har skjedd.

Plukk forsiktig ut prøvar frå kulturen kvar gong du observerer han, og sjå på desse under lupe og mikroskop. Legg materialet forsiktig tilbake i kulturen etter bruk. Viss du lykkast med forsøket, kan du følgje heile generasjonsvekslinga til sisselrot i løpet av skuleåret.

Bregnekultur med fleire artar. Foto.

Ein underleg sak

Då elevar frå Lister VGS (avdeling Flekkefjord) dyrka sisselrot, voks det opp mange gametofyttar i plastbakken, men ikkje alle var frå sisselrot! Det voks òg opp minst to andre bregneartar! Kva trur du årsaka til dette kan vere?

Rapport

Forkimar cirka tre månader etter såing. Foto.
Forkimar cirka tre månader etter såing.

Vanlegvis vil heile generasjonssyklusen vere fullført i god tid før skulen sluttar til sommaren, men allereie før dette må du skrive og levere inn ein rapport til vurdering. Lenkja nedanfor viser eit eksempel på ein god rapport frå dette elevforsøket, skriven av Ina Nilsen frå Lister VGS (avdeling Flekkefjord).
Rapport frå forsøk med generasjonsveksling hos sisselrot.

Filer

Læringsressursar

Feltarbeid – for- og etterarbeid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Feltarbeid

  • SubjectMaterialFagstoff

    Datalogging i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bruk av digitale kart i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innføring i bruk av "Kart i skolen" på ekskursjoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Digitale verktøy i naturfag

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tree of life – slektskap mellom organismer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Infusoriekultur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Artskunnskap og systematikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff