Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid – for- og etterarbeidChevronRight
  5. ObjektsamlingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Objektsamling

Mange vel å bruke tid på objektsamling sjølv om læreplanen ikkje lenger krev det. Vi skal samle inn, kartleggje, utforske og systematisere ulike organismar, og leggje fram resultata. Gjennom arbeidet med ei objektsamling blir desse kompetansemåla ein naturleg del av prosessen.

Preparat av dyr, spor og sporteikn. Foto.
Eksempel frå objektersamling med dyr som tema: ekskrement, gnagde kongler, skjelettdelar, fjør, bilde av spor, insekt og muslingskll.

Objektsamling

Ei objektsamling er ei samling av objekt som representerer ulike organismar. Objektsamlinga kan vere samansett på ulike måtar.

Samlinga kan til dømes

  • vere ei rein plantesamling av tørka og pressa plantar (herbarium)
  • representere det biologiske mangfaldet i eit avgrensa område
  • representere størst mogleg del av systematikken
  • vere ei rein dyresamling av dyr, spor og sporteikn


Det er viktig at objekta er av god kvalitet og representative for arten, slik at det lettar arbeidet med identifisering og godkjenning. Når ein plante blir pressa, bør både stengel, blome og blad vere med, men ikkje røter.


Digital objektsamling

I dei seinare åra har det blitt meir og meir vanleg å lage digitale objektsamlingar. Du tar eigne bilete av plantar, dyr og sporteikn. I etterkant kan du redigere bileta, plassere artane inn i systematikken og skrive omtaler til kvart enkelt bilete. Det er viktig at det er god fagleg og fototeknisk kvalitet på bileta, slik at identifisering er mogleg.

Skriftleg omtale

En side fra en objektsamling med presset blåbær, systmatikk og omtale. Foto.
Du kan godt lage eigne oppsett i plantesamlinga. Her er eit elevdøme på korleis blåbær er presentert i samlinga.

Kvart objekt skal ha ein kortfatta skriftlig omtale. Han skal innehalde:

  • det vitskapelege namnet
  • godkjent norsk namn
  • kvar objektet høyrer til i systematikken
  • dato og funnstad
  • kven som fann det

I tillegg kan du gjerne ta med noko om tilpassingar, kulturhistorie knytt til objektet og utbreiingsområde for eit avgrensa utval av objekta.

Det er mogleg å kjøpe plantepapirblokker i bokhandelen. Dei består av ark der tørka plantar blir monterte på med teip eller kontaktpapir. I ferdige rubrikkar skriv du inn dei nødvendige opplysningane. Det er også eit felt der lærar signerer ved godkjenning.

Omfang og organisering

Tegneserie. Illustrasjon.
Tommy og Tigern lagar objektsamling

Kor stor samlinga skal vere, er opp til faglærar i samråd med klassen å bestemme. Det er vanleg med 30 til 60 objekt, avhengig av kva slags modell som nyttast.

Ulike modellar

  • Individuelt – kvar elev leverer eiga objektsamling
  • Gruppe – fleire elevar samarbeider om ei objektsamling
  • Klasse – alle i klassen bidreg med eit avgrensa tal objekt, men elevane skal ha kunnskap om heile samlinga
Eske med muslinger og snegler i ulike rom. Foto.
Objektsamling av blautdyr

Sidan det kan vere nokre objekt som ikkje blir godkjende, kan det lønne seg å ha med nokre fleire enn det som er kravet.

Organiseringa i samlinga bør sorterast etter rike, rekkje, klasse og så vidare. I tillegg bør det vere nummerering på omtalar og objekt. Dette er spesielt viktig i dei høva der objekta er i esker, glas og liknande, mens omtalane som høyrer til er i ein perm. Ikkje sett på nummer før alle objekta er samla og skal organiserast.


Innsamling

Spor i snø. Foto.
Spor frå jerv – artsbestemt og redigert på mobiltelefon.

Du kan samle inn objekt under haustekskursjonen, slik at det blir eit verdifullt grunnlag for resten av skuleåret. Deretter kan du supplere samlinga på fritida, om nødvendig.

Plantar er enklast å samle om hausten, men spor og sporteikn kan du samle/fotografere heile året.

Læringsressursar

Feltarbeid – for- og etterarbeid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Feltarbeid

  • SubjectMaterialFagstoff

    Datalogging i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bruk av digitale kart i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innføring i bruk av "Kart i skolen" på ekskursjoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Digitale verktøy i naturfag

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tree of life – slektskap mellom organismer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Generasjonsveksling hos sisselrot

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Infusoriekultur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Artskunnskap og systematikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff