Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid – for- og etterarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Metodar for å fange smådyr

Det finst eit yrande liv av ulike smådyr både på bakken, i buskar og tre og flygande i lufta. Det er ikkje alltid like lett å sjå dei, men det finst ei rekkje metodar som gjer at smådyra blir lettare å finne, fange og observere.

Mann som samler inn insekter i et tre. Foto.

Utstyr til fangsten

Oppslagsverk, pinsett, kniv, glass og lupe. Foto.

Når vi skal ut og sjå på smådyr, er det mykje forskjellig utstyr som kan vere greitt å ha med for at jobben skal bli lettare. Dette kan vere pinsettar, luper, boksar og glas til oppbevaring (dramsglass), knivar og bestemmingslitteratur. I tillegg har vi her beskrive ulike metodar for innsamling som vi kan bruke:

Insektsugar (aspirator)

Hjemmelaget insektsuger.
Heimelaga insektsugar

Insektsugar kan vere greitt å bruke for å samle inn små insekt som kan vere vanskelege å ta opp med fingrane eller med pinsett. Ein enkel insektsugar kan vi lage ved hjelp av eit glas med kork. I korken borar du to hol, og gjennom desse hola plasserer du to gummislangar. I enden av den slangen du syg i, kan det vere lurt å feste eit gasbind slik at dyra ikkje blir med inn i munnen.

Banking på greiner og stammar

Mange smådyr lever i buskar og tre. Ved å leggje ein kvit duk under buskar og tre for deretter å banke, slå og riste på greiner og stamme vil du få dyra til å falle ned og bli lett synlege på det kvite underlaget. Dei dyra som fell ned, kan plukkast opp med pinsett eller insektsugar og eventuelt plasserast i glas.

Mann med insektsuger høyt oppe i et tre. Foto.
Insektsugarar kan vi bruke til å fange insekt som oppheld seg under bark og mose.

Under bark og stein

Løft på steinar, greiner og stammar som ligg på bakken. Det er mange dyr som lever og finn skjul under desse. På daude tre og stubbar kan vi finne smådyr ved å ta av bark og eventuelt skjere litt inn i sjølve veden. Smådyr som det er vanleg å finne i desse tilfella, er biller, billelarvar, skolopendrar og skrukketroll.

Sålding

Sikt og hov over hverandre. Illustrasjon.
Såld for sikting av strø

Sålding er ein metode vi kan bruke til å samle inn dyr som er lite aktive, og som oppheld seg i strøfall, mose, gamalt lauv etc. Såldet er utforma som ein sylindrisk pose med ei nettrist plassert omtrent midt i posen. På utsida av posen er det to handtak, eitt som er festa til nettingrista, og eitt i øvre kant av posen. Det innsamla materialet blir lagt på rista, og ved hjelp av handtaka kan materialet ristast slik at smådyr fell gjennom og ned i såldposen. Dette innhaldet kan tømmast på ein kvit duk slik at innhaldet blir meir synleg.

Utdriving (førnetrakt)

Førnetrakt
Førnetrakt

Ein annan måte som ofte blir brukt til å drive ut inaktive dyr som oppheld seg i strøfall og jord, er utdriving ved hjelp av lys. Då blir materialet lagd på ei rist, som er plassert i ei trakt som fører ned i eit glas med konserveringsvæske. Over materialet blir det plassert ei lampe, og når denne lyser, vil dyra etter kvart trekkje nedover og vekk frå lyset, inntil dei fell gjennom nettingen og ned i glaset med konserveringsvæske. Denne forma for utdriving blir ofte kombinert med sålding ved at ein legg materialet frå såldposen i denne trakta som så blir utsett for lys.

Håvar

Sommarfuglhåv. Beveg håven i eit åttetalsmønster.

Håvar er gode å ha når vi skal ut og samle mindre dyr, både dei som flyg, og dei som oppheld seg i vegetasjonen. Det er to typar håvar som er vanlege å bruke, nemleg sommarfuglhåv og slaghåv. Desse to typane har forskjellig utforming og blir brukt på ulike måtar. Men dersom vi berre skal ha med éin håvtype, er det mest hensiktsmessig å velje ein slaghåv.

Håvar til fangst av smådyr

Feller

Kopp gravd ned i jorda. Regnskydd over. Foto.
Barberfelle som er sett ut i ei eng

Feller eignar seg godt til å fange aktive insekt. Det finst mange typar feller, nokon som eignar seg til å fange aktive smådyr på bakken, og andre for å fange dei som flyg i lufta.

Feller til fangst av smådyr

Læringsressursar

Feltarbeid – for- og etterarbeid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Feltarbeid

  • SubjectMaterialFagstoff

    Datalogging i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bruk av digitale kart i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innføring i bruk av "Kart i skolen" på ekskursjoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Digitale verktøy i naturfag

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tree of life – slektskap mellom organismer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Generasjonsveksling hos sisselrot

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Infusoriekultur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Artskunnskap og systematikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff